Sport | 10. jan. 2018

Mats Cato klar for sitt tredje comeback på Kuventræ

Storskåraren frå OBOS-ligaen vil ikkje trappa ned, men løfta moderklubben opp.

Mats Cato klar for sitt tredje comeback på Kuventræ
Mats Cato etter å ha heada inn 4-1 i 7-1 siger til Os over Haugesund 2 i 2014. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. jan. 2018 09:06

Mats Cato Søvik Moldskred, som fyller 32 år i februar, har signert med Os Fotball.

– Mats Cato er ein veldig god fotballspelar og ein fantastisk type på og av banen, ein humørspreiar og motivator som eg trur heile laget vil få stor glede av, ikkje minst dei unge spelarane våre! Vi kunne ikkje fått ei betre signering, meiner dagleg leiar og spelande assistenttrenar Endre Brenne.

– Kongsvinger ville ha han med vidare, men har lytta til Mats Cato sitt ønske og vore veldig imøtekomande med oss i Os Fotball. Vi er veldig takksame, og det var veldig god stemning i klubbhuset då kontrakten blei signert søndag.

Moldskred hadde i utgangspuntet kontrakt med KIL ut 2018, men klubben viste velvilje.

– Eg har hatt ei fantastisk tid i Kongsvinger! Det er ikkje noko ondt blod oss imellom, snarare tvert imot. Eg har oppnådd mykje og eg har fått vera med på fleire store opplevingar, seier Mats Cato til Midtsiden.

Han blei toppskårar i opprykkssesongen 2015 og skåra nest mest då KIL kom på 5. plass i comebacket i OBOS-ligaen i 2016. Same år var han med på å ta laget til cupfinale, ein finale han gjekk glipp av grunna skade, men der han i høgste grad, som vokalist og frontfigur i denne supportarsongen var med på å få opp stemninga.

(Artikkelen held fram under videoen)

– Mats Cato har vore med oss sidan sommeren 2014. Det er ein gutt som vi i KIL har blitt veldig glade i. Han bidro veldig mykje til vår suksess i 2015 og 2016, og det var synd for Mats Cato at han ikkje fekk oppleva cupfinalen som spelar. Det hadde han fortent, seier KIL-sjef Espen Nystuen i eit stort intervju på KIL.no.

Signert for tre år

No har han signert proffkontrakt på tre år. Mats Cato skal, ved sidan av fotball, jobba tre dagar i veka for sponsor Sport Norge.

Der blir han kollega med blant andre lagkameratane Torkel Hjertnes og Rafael Villén, og får sportssjef i Os Fotball, Jan Frode Skeie, som sjef.

Vil løfta Os

– Årsaka til at eg vil til Os, handlar om Os, ikkje KIL. Eg ønskjer å bidra til at Os kjem seg opp på eit nivå dei høyrer heime, mens eg framleis er i god form og er ein spelar som klubben er interessert i.

At Moldskred kjem heim, ikkje for å trappa ned, men for å løfta, blir mottatt med trampeklapp i klubbhuset på Kuventræ.

– Han er skadefri og i god form. Vi har prata uformelt med Mats Cato i fleire månadar, å høyra at han kjem heim med denne innstillinga er heilt fantastisk.

I ferien har han vore innom på éi trening med Os. Moldskred er tilbake på Kuventræ 2. februar, to dagar før han fyller 32.

– Ei ny tid

Moldskred seier han ser fram til å koma heim til Vestlandet.

– Eg har hatt tre gode sesongar i Kongsvinger, og er moden for forandring. Men det er mest det at eg vil bidra i Os som lokkar.

– Å gå frå OBOS til 4. divisjon, betyr det at du har gjeve opp livet i toppfotballen?

– Nei! Eg er framleis glad i fotball og har framleis ambisjonar som spelar. Samtidig bryr eg meg om moderklubben, og når dei viser så stor interesse for å få meg heim, og eg samtidig saknar det å vera nær venar og familie, så bryr eg meg mindre om kva divisjon Os speler i akkurat no, eg vil vera med på reisa opp igjen.

– Samtidig så er eg klar over at det kjem eit liv etter fotballen, og vegen vidare er det kanskje meir rom for å finna heime i Os.

I Kongsvinger har Moldskred vore aspirant i brannvesenet i periodar som til saman tilsvarar halvanna år.

– Eg har fått god erfaring og fleire interessante kurs. Det er eit fagområde som absolutt kan vera interessant i åra som kjem, men førebels er det først og fremst fotball det handlar om.

– Når du kan skåra 21 mål på veg til OBOS-ligaen, kor mange kan du skåra i 4. divisjon?

Mats Cato tenkjer seg om før han svarer.

– Det vil eg ikkje ut med. Eg forstår at folk vil ha forventingar til meg. Det er eg vant med, og eg kan lova at eg sjølv har endå høgare forventingar.

9,5 år med toppfotball

Mats Cato har vakse opp i Kuvågen og på Kuventræ. Han debuterte på A-laget til Os som 17-åring, blei henta til Fana i 2003 og kom tilbake til Os éin sesong (2007), då Os sesongen etter opprykk til 2. divisjon var eitt poeng frå 5. plass på nytt nivå (landa på 7. plass).

Så gjekk turen til Løv-Ham og Adeccoligaen for Mats Cato, som då var 22 år. Etter to sesongar gjekk han til Bryne på same nivå.

Etter å ha spelt for Bryne i 2010 og 2011 gjekk han til nest øvste nivå i Sverige, Superettan, der han fekk to sesongar for IK Brage.

Osingen blei, som i Løv-Ham, kåra til årets spelar, men IK Brage rykte ned, noko som førte til annulert kontrakten og heimreise eit år før tida.

Så kom han tilbake til Os i 2014 og skåra 6 mål på 18 kampar før han blei henta til 2. divisjon.

Hausten 2014 spelte han for Kongsvinger, der han året etter blei toppskårar med 21 mål på 29 kampar i ein sesong der KIL rykte opp til OBOS-ligaen.

I OBOS-ligaen blei det 12 mål på 29 kampar og 5. plass i 2016, då KIL òg tok seg til cupfinale. I 2017 blei det 5 mål på 28 kampar.

– Sesongen i fjor blei ikkje heilt 100 prosent for min del. Skaden eg fekk før cupfinalen i 2016 prega meg fram til sommaren, fortel Mats Cato før frisk retur til Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.