Fotball | 13. aug. 2014

Mats Cato til Kongsvinger

Os mister Moldskred: – Dei presenterte ei totalpakke som gjorde at eg ikkje kunne seia nei, fortel Moldskred.

Mats Cato til Kongsvinger
Kampen mot Lysekloster søndag blei den siste i denne omgang for Mats Cato Moldskred i Os-drakt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 13. aug. 2014 07:24

Søndag ettermiddag spelte han 90-minutt i lokaloppgjeret mot Lysekloster på Edne. Måndag morgon klokka 0530 sette han seg på flyet austover for å gå i slutforhandlingar med Kongsvinger (KIL).

Måndag ettermiddag var Mats Cato einig med KIL, og dei to klubbane KIL og Os blei også samde.

– Det gjekk frykteleg fort. Eg har visst at dei var interessert ei stund, men det var først for ei veke sidan at dei tok kontakt.

– Då det først blei alvor gjekk det veldig fort, fortel Mats Cato, på veg til morgontrening med dei nye lagkompisane på Gjemselund.

Moglegheit for utdanning

Mats Cato har lyst på ei karriere innan brannvesenet. Tilbodet frå KIL inneheldt moglegheiten for å ta kurs innan den retningen.

– Det er ikkje med lett hjarte eg seier farvel til Os i denne omgang, men totalpakka KIL presenterte var så bra at det var vanskeleg å seia nei.

– Det at eg no får byrja på ei utdanning og ta ein del kurs, samstundes med at eg spelar fotball, gjer at eg stiller sterkare ein dag å bli brannmann, forklarar Moldskred.

KIL speler i Oddsenligaen (2.divisjon) og ligg på 3. plass i avdeling 1, berre eitt poeng bak Jerv, som dei møter søndag, på førsteplass. André Bergdølmo er hovudtrenar for KIL.

Mister ein god spelar

Sportsleg leiar i Os Turn, Lars Bakkerud, synest det er synd at dei no mistar ein god spelar, men seier det var uaktuelt å stoppa overgangen.

– KIL gav Mats Cato eit tilbod som inkluderte utdanning, og som Mats Cato ønska.

– Då var det aldri i våre tankar å skulla hindra han i å gripa denne sjansen. Så får vi heller håpa at vi ein dag ser Mats Cato igjen i Os-drakt på Kuventræ.

– Måtte KIL betala noko for at de skulle la Mats Cato gå?

– Nei, det fell ikkje pengar på klubben som følgje av overgangen. Det var heller ikkje aktuelt.

– Vi kjem heller ikkje til å henta inn nokon ny spelar for å erstatta han. Vi skal utvikle dei spelarane vi har i klubben. Dette gjev andre nye moglegheiter.

Fotballen på fel veg

Når pengar for spelarar og spelarlønningar kjem på bordet triggar Lars Bakkerud.

– Eg synest det er forferdeleg trist at norsk fotball har blitt dårlegare dei siste åra.

– Då blir det heilt feil, slik mange klubbar rundt i landet driv, at ein skal betala fleire tusen kroner til spelarar på nivå 4 (3. div. journ.mrk).

– Det er ikkje slik vi skal utvikla fotballen i Os.

– Vi skal laga det beste opplegget for å utvikla spelarane, slik at dei får lyst til å vera her, slår Bakkerud fast.

– Kva med fotball SFO-en kor Mats Cato var lærar, kva gjer de der?

– Det skal vi fiksa. Den skal halda fram i haust, slik som den gjorde på våren.

– Korleis vi løyser det er ikkje bestemt enno, men det blir ikkje noko problem, avsluttar Bakkerud.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.