Lokal | 06. okt. 2017

Måtte fjerna teiner frå ferjekaiane

To gongar denne veka har teiner vore trugande nær ferjetrafikken på Halhjem og Hatvik.

Måtte fjerna teiner frå ferjekaiane
Her, ved piren til venstre, sto dei ei teine som fekk ferjemannskapen til å be om assistanse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. okt. 2017 15:47

Tysdag denne veka fekk hamnesjef Gitle Smaadal i Os brann- og redningsteneste melding frå ferjene på Halhjem om teiner tett på kaien.

– Den eine teina sto utanfor den smale piren mellom ferjekaiane, fortel Smaadal.

I dag kom ny melding, denne gong frå Hatvik, der det sto ei teine fire meter frå bakenden av ferja.

Her måtte ferja køyra skrått på kaien for å vera trygg på å ikkje få tauet frå teina i propellen.

– Straum, flo og fjøre kan vera med på å flytta teinene, ikkje minst straumen som kjem frå propellane når ferjene legg til og frå land.

Set i gang eit større apparat

Brannvesenet har ikkje lov å ta beslag i teiner. Når teiner står feil plassert må dei kontakta politiet, som igjen må sjekka med Kystvakten.

– Det blir litt styr av nokre få dårleg plasserte teiner.

Dei aktuelle teinene blei ikkje tatt på land, men flytta nokre meter, kort nok til at eigar bør finna dei.

– Men det viktigaste er risikoen for å setja eit ferjesamband ut av drift, seier Smaadal, og oppmodar fiskarar å halda god avstand frå ferjeleiene i Os med bruket sitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.