Lokal | 28. sep. 2016

Måtte parkera ved skulen

Eit skadd hustak og vatn som sperra veg var dei verste problema nedbørsmengdene skapte i går. Snart kjem det fleire tunge byger!

Måtte parkera ved skulen
Sånn såg Strønevegen forbi skulen ut tysdag ettermiddag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. sep. 2016 08:48

Bildeserie:

Eit tak blei skadd minst to plassar etter at ei stor grein kom susande. (Lesarbilde)
Eit tak blei skadd minst to plassar etter at ei stor grein kom susande. (Lesarbilde)
– Treet er farleg både for huseigarar og fotgjengarar. (Foto: KVB)
– Treet er farleg både for huseigarar og fotgjengarar. (Foto: KVB)
1 av 2
Eit tak blei skadd minst to plassar etter at ei stor grein kom susande. (Lesarbilde)
– Treet er farleg både for huseigarar og fotgjengarar. (Foto: KVB)

Verken Os brannvesen eller teknisk vakt i Os kommune fekk dei store oppgåvene i løpet av nedbørsperioden frå tysdag til onsdag.

– Vi rykte ut og ordna nokre stikkgrøfter frå Ole Bulls veg etter melding om mykje vatn i Søvikåsen, fortel teknisk vakt Birger Holmefjord.

– Men vi slapp å sperra vegen.

Holmefjord fekk sjølv problem med vatn drenert frå skulen i Lysefjorden som rann inn i hans eigen hage og skadde vegen ned til huset tidlegare på kvelden.

Sperra veg i Strøno

Frå Nordstrøno fekk vi i går inn bilde og tips om ein stor dam ved Strøno barneskule.

Innsendar køyrde fint over dammen med eigen pickup, men fortel i etterkant at fleire med vanleg personbil valte å setja frå seg bilen ved skulen for å vassa heim.

– Vi fekk òg melding om denne dammen, men fekk fort ein ny beskjed om at dammen trekte seg fort tilbake.

– Den siste meldinga vi fekk inn i går var i 21-tida, natta blei heldigvis roleg.

Stor grein knuste tak

Os brannvesen rykte i 18-tida ut på melding om grein på tak på ein bustad på Haugsneset.

Brannvesenet konkluderte raskt med at det ikkje var behov for deira assistanse, men det betyr ikkje at huset er uskadd.

– Det er tredje gong greiner frå dette treet skader hustaket! fortel huseigar.

– Denne gong var det ei grein som skadde taket minst to plassar etter ho ha flaksa 13 til 17 meter over nokre leidningar. Dette er skummelt både for huseigarar og fotgjengarar i nabolaget.

Lyn, torden og meir regn i vente

Onsdag er det tørrare i Os, men det er ikkje slutt på regnet i denne omgangen.

Natt til torsdag er det meldt mykje nedbør og det skal auka utover dagen i morgon, ifølgje både Yr og Storm.

Yr melder dessutan lyn og torden heile dagen og vindstyrke på 11-13 m/s.

Sol frå søndag

Det er meldt samanhengande nedbør også fredag og utover laurdagen, men med nokre solglimt laurdag og opphaldsvêr frå kvelden.

Vinden skal løya til 10 m/s fredag og 2-3 m/s laurdag.

Søndag er det meldt skyfri himmel og 10-12 gradar, også måndag og starten på veka skal bli lettskya og tørr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.