Lokal | 22. mars 2015

Måtte sperra gangveg

Etter to tilfelle av bilkjøring på skuleplassen på éin månad, i skuletida, har det no kome fysisk sperring av gangvegen.

Måtte sperra gangveg
Fredag blei gangstien frå Industrivegen til Kuventræ stengt av desse betongklossane. Seinare skal det koma bom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. mars 2015 08:20

Fredag 20. februar, etter å ha rista av seg politiet, kjørte ein bil frå Industrivegen over gangveg og skuleplassen på Kuventræ mens elevar var utandørs og leika.

Onsdag 18. mars, mens ein far skulle og henta dottera på SFO på Kuventræ, kom to unge menn kjørande i ein gullfarga Jaguar over skuleplassen. Også denne bilføraren kom kjørande på gangvegen frå Industrivegen og kjørte heilt inntil «guleskulen», som etter skuletid fungerer som skulefritidsordning.

– Etter episoden før vinterferien sa kommunen at dei ville jobba med å få ein bom på plass. Etter episoden onsdag tok både eg og foreldreutvalet kontakt med teknisk eining igjen, og då skjedde det fort, seier rektor Olav Røttingen.

Mellombels løysing

Allereie fredag var gangvegen fysisk sperra av nokre betongblokker.

– Vegen skal kunna brukast at utrykningskjøretøy, så dette er berre ei mellombels løysing. Det skal koma ein låsbar bom på staden.

Røttingen fortel at han har høyrd frå naboar at det hender at bilar har kjørt på skuleplassen på kveldstid.

– Men tanken på at nokon kunne finna på å kjøra over plassen i skuletida hadde ikkje streifa meg før episoden i februar, seier rektoren, som er glad kommunen var så rask med å reagera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.