(Ill. foto: KVB)

To måtte stenga

Ein tredje forhandlar fekk pålegg om å ordna opp rundt fyrverkeriutsalet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, desember 31, 2011 - 17:55

Fredag var brannvesenet i Os på den faste inspeksjonsrunden av dei som sel fyrverkeri.

To av utsala blei stengt på flekken.

– Årsaka var at dei ikkje hadde søkt om å selja. Dette er utsal som har selt tidlegare år, men som no tydlegvis hadde ein svikt i systemet, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Ein tredje plass var det ikkje formalitetane, men tryggleiken det sto på.

– Vis a vis fyrverkeriet sto eit stort parti spylervæske. I nærleiken var det også ei propanflaske, fortviler Gjøsund.

I tillegg var sløkkeutstyret delvis innesperra.

– Dei fekk pålegg om å ordna opp, og det gjorde dei med det same.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11