Lokal | 10. jan. 2018

Måtte ta beslag i musikkanlegg

Politiet rykte ut til same adresse tre gongar på éin kveld. Då var det nok.

Måtte ta beslag i musikkanlegg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. jan. 2018 08:26

Han sat åleine på ein tysdagkveld, men stemninga var ifølgje lydnivået likevel i taket hos mannen, som er i 40-åra.

– Vi har vore på denne adressa fleire gongar før. I går blei vi kontakta av ulike naboar, og rykte ut for å be han dempa seg både klokka 18.30 og 19.30, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mannen tok ikkje omsyn til pålegg frå politiet. Klokka 22 kom det ny melding om bråk frå bustaden.

– Då tok vi ein del av musikkanlegget i forvaring, i tillegg blir mannen meldt og vi oppretter sak.

Steinar raste ut på Hatvikvegen

Tysdag i 18-tida fekk politiet melding om at fleire steinar hadde rast ut på Hatvikvegen.

– Steinane var ikkje store, alle var mindre enn ein fotball, og ingen bilar skal ha blitt skadd i samband med at steinane låg i vegen, fortel politiet.

Dei varsla Vegtrafikksentralen så dei fekk organisert rydding av vegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.