Kultur | 12. mai 2018

Maya får ros for rap med Myra

«Opplevelse og kos e' tingen min - eg triller rundt i Os med ungen min».

Maya får ros for rap med Myra
Maya og Myra blir kalla ein draumeduo etter at dei i går kom med låten «Opplevelse og kos». (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. mai 2018 08:20

I går kom Maya Vik frå Os (YGMG/Oslo Records) ut med ny singel, «Opplevelse og kos», der ho har med seg den talentfulle hiphoparen Myra frå Bergen.

– Det er kanskje ikkje naturleg at vi to skal samarbeida, men vi jobbar litt parallelt. I studiokollektivet vi har er Lars Vaular blant dei som leiger seg inn. Han har ofte med seg Myra, og alle vi i kollektivet blir jo kjente med kvarandre. Då eg skreiv denne låten for nokre månadar sidan fekk eg lyst å ha Myra med, seier Maya til Midtsiden.

Myra blir rekna som eit stort hiphoptalent, og har låtar som «Føler meg selv» og «Lever i bassen», som begge har fått tung radiorotasjon.

Trengte ikkje overdriva

Maya bur i Oslo, men tittelen er henta frå heimbygda.

– Eg hugsar framleis slagordet og tskjortene, «Opplevelse og kos - 5200 Os». I låten ville eg innom rapsjangeren sitt typiske overdrivne sjølvskryt, men så fann eg ut; kvifor lyga og overdriva, skryt av det du har og det du har opplevd!

Bassist, låtskrivar og vokalist Maya Vik har spelt i fleire band, blitt omtalt i New York Times og Vibe, har varma opp for Lenny Kravitz og Dâm-Funk, turnert i Japan - og ho har hus med to etasjar, ein unge og ei harpe (Spellemannprisen).

– Du styrer heller ikkje unna sjangeren sitt typiske skryt av inntekter, «pengene de renner inn»?

– Eg lever av musikk og eg har hus med to etasjar, visst renn dei inn, seier Maya og ler.

«Ein uventa drømmeduo»

«Opplevelse og kos» er godt mottatt.

Bergens Tidende gav 5 av 6 hjarte då dei meldte låten:

– Maya Vik og Myra må være en av de mest uventede drømmeduoer noensinne. Det er derfor nesten enda mer tilfredsstillende at de flyter så latterlig godt sammen, skriv Alisa Larsen i BT.

«En fengende lek i både lyrikk og beats hvor samspillet og kjemien mellom de to slår gnister», meiner BT.

– Kva synest du om å få 5 av 6?

– Det er sjølvsagt kjekt å få ros, men anten musikkmeldarane er positive eller negative så bør du ikkje ta det for mykje til deg. Musikk er ei individuell oppleving.

«Opplevelse og kos» kjem på YGMG og Oslo Records sitt Vin og rap-album, som kjem ut 25. mai.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.