Lokal | 27. mai 2016

To mc-førarar fekk forelegg i Dalen

... og to båtar med påhengsmotor er funnen på rek.

To mc-førarar fekk forelegg i Dalen
Politiet hadde fartskontroll på Hegglandsdalsvegen torsdag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. mai 2016 07:17

Torsdag kveld hadde Os lensmansskontroll trafikkontroll på Hegglandsdalsvegen.

– Det førte til to reaksjonar, uavhengige av kvarandre, der mc-førarar fekk forelegg og prikkar på førarkortet, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Den eine blei målt i 67 km/t i 50-sona og fekk 4200 i forelegg og tre prikkar, den andre blei målt i 74 km/t, noko som kvalifiserer til 6500 kroner til Staten og tre prikkar.

Begge vedtok forelegga på staden.

Båtar funne utanfor Strøno og Solstrand

I løpet av torsdag blei det funne båt på rek både utanfor Solstrand og utanfor Strøno.

– Det var ikkje noko som tyda på tjuveri eller forlis i samband med funna.

– Begge båtane hadde påhengsmotor og begge er fortøydd til land. Om du saknar båten din kan du kontakta oss, seier Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.