Lokal | 24. juli 2017
MC kolliderte med bergingsbil
Ingen blei skadd i ulykka i Rødsliane søndag kveld.
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. juli 2017 07:29
Søndag i 19.30-tida var det ei trafikkulykke i Rødsliane.
– Ein motorsykkel kolliderte med ein bergingsbil, opplyser politibetjent Sindre Hallem.
Motorsykkelen velta, men ingen blei skadd i uhellet.
– Årsaka skal rett og slett ha vore at det er smalt der dei møttest, og dei to køyretøya kom borti kvarandre.
Partane blei einige med politiet om at dei sjølv ordna opp på staden, og det blei ikkje behov for utrykking. Det var heller ikkje trafikale problem på staden.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.