Lokal | 25. mai 2016

MC krasja med hjort

– Han tok trippelsalto før han landa, eg var sikker på at det hadde gått skikkeleg gale, fortel vitne Kjell Engelsen Moberg.

MC krasja med hjort
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. mai 2016 19:37

Onsdag i 20.30-tida var det ei trafikkulykke på E39 Byvegen på Kalandseid.

– Vi hadde begge retning Bergen då ulykka skjedde, fortel Kjell Engelsen Moberg, som køyrde rett bak MC-en.

Brått såg han at både motorsykkelen og førar blei slengt i lufta.

– Han tok sikkert tre saltoar før han landa. Hjorten, som kom ut i vegen rett framfor MC-en, såg eg ikkje før han reiste seg og stakk ut på jordet.

– Eg frykta at det var ein død mann eg gjekk bort til, og blei naturlegvis letta då eg såg at han rørte på seg.

Åtvarar MC-førarar

Førar, som av vitnet blir skildra som ein mann på rundt 40-50 år, sette seg opp og spurde korleis det hadde gått med motorsykkelen hans.

– Heldigvis var det helsepersonell i ein av dei andre bilane som kom tidleg til staden. Dei tok hand om han fram til ambulansen kom.

– Ulykka skjedde rett etter at vi hadde kome ned på flaten og forbi ungdomshuset, nær busshaldeplassen. Eg har ikkje sett at hjort har hoppa ut i vegen i dagslys, seier Kjell, som vil åtvara andre trafikantar om risikoen for samanstøyt.

Midtsiden lykkast ikkje i å nå politet per telefon onsdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.