midtsiden

Med Arnold som tilskodar

Frode Veim Haugland hadde Ronny Bruarøy Risøen med seg til Arm Wars i Madrid. Der møtte dei Arnold.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, oktober 11, 2011 - 10:53

Fleire gongar dei siste åra har handbaknoregsmeister Frode Veim Haugland vore utanlands for å bryta i TV-sendte (Eurosport/Fox Sport) konkurransar.

I helga var han i ny runde med Arm Wars, denne gong i Madrid.

Les òg:
Suverene på heimebane
(Bildeserie og video frå NM i Oseana)

Arm Wars blei arrangert under ei messe for trening- og ernæring, ei messe med same namn som helsestudiokjeda til Schwartzenegger, Arnold Classic.

Den tidlegare kroppsbyggaren, skodespelaren og California-guvernøren besøkte sjølv messa og handbakkonkurransen.

– Han gjekk rett forbi bordet der vi kjempa. Men det var så tett med folk at vi fekk verken snakka med han eller tatt bilde saman, seier Frode Veim Haugland til Midtsiden.

God figur

Brytarane frå Os opplevde fleire høgdepunkt enn kjendisbesøket. Laurdag var det bryting med høgre arm, søndag med venstre.

Ronny, som fekk sølv med både høgre og venstre arm i - 95 kg i NM i Oseana i september, var ny i Arm Wars.

– Ronny fekk berre med seg laurdagen, for han skulle tilbake i militæret og måtte reisa midt på dagen søndag. Men han gjorde det godt mot sterk, finsk motstand, sjølv om han tapte synes arrangørane at han gjorde god figur, seier Frode.

To sigrar og éin skade

Sjølv slo Frode både finnen og ein sveitsisk brytar med fleire EM- og VM-sølv på samvitet. Begge kampane vann han 6-0 (dei gjekk seks rundar mot kvarandre).

– I kampen mot ein frå Georgia vann eg første runde, men gjorde noko gale og blei skadd i armen. Eg braut dei neste fem rundane mot han og tapte alle.

Bilde og video: Sjå meir på armwrestling24.com

Frode, som nyleg blei sponsa av Bula/SKigutane, seier han har god tid til å bli frisk i armen.

– Vi frå Os hadde ikkje plan om å reisa til nordisk meisterskap i Finland no i slutten av oktober likevel, så det blir nok ikkje bryting før i mars neste år.

Førstkomande torsdag skal førre armkrig, som gjekk i Manchester, visast på Eurosport.

Midtsiden samleside: Handbak

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11