Med fire lag til A-sluttspel
Både førstelaga og andrelaga til Os har tatt seg vidare til A-sluttspelet i Norway Cup. Her er oppsett for alle dei ni laga til Os og Nore Neset.
Bildeserie:
I dag startar sluttspelet i årets Norway Cup. Os har 7 lag med i den store turneringa, Nore Neset har 2.
Etter nokre spennande kampar tysdag er 4 av 9 lag vidare i A-sluttspelet, mens resten speler B-sluttspel.
Fekk ein kamp ekstra
Os 1 i juniorklassen har med seg to spelarar frå A-stallen til Os, Steffen Ljosheim og Christoffer Hevrøy.
– Det er kjekt både for oss og for dei to at dei fekk vera med. Dei bestilte overnatting før dei blei tatt opp i stallen og hadde veldig lyst å reisa, fortel trenar Odd Jarle Hjelle.
Siste kamp i innleiande gruppespel var mellom dei to beste laga, Os med éi skåring dårlegare i målforskjell.
– Vi hadde spelet, men hamna under to gongar. Vi utlikna, men burde klart å vinna så vi også hadde vunne pulja. No får vi oss ein kamp ekstra, men det får våga seg, seier Hjelle.
Andrelaget vann også siste kamp, har full pott og får fri onsdag før første sluttspelkamp torsdag.
18-1 i målforskjell
I guteklassen har Os tre lag. Førstelaget er reint 16-årslag, som trass ein uavgjort vann pulja og fekk heile 18-1 i målforskjell.
Andrelaget hadde eitt 0-1-tap, men to solide sigrar og tok 2. plassen i si pulje.
– Gutar 15 elite har 19 spelarar, men vi har lånt vekk ein av våre to gode og jamne keeperar til tredjelaget. Etter 0-1 mot eldre og sterke gutar på Stranda vann vi komfortabelt 6-0 og 7-0, fortel trenar Ørnulf Jacobsen.
Både Os 3 G19, Os 3 G16 og begge laga frå Nore Neset tapte dei innleiande rundane og speler B-sluttspel.
Jentene til 1/16-finale
Os J16 møtte, etter 2-2 på den TV2-sendte kampen, det beste laget i pulja.
Der klarte dei likevel å leia 1-0 til det sto få minutt igjen. Ein chip over keeper og eit straffe var nok til at sigeren glapp, men 1-2 var godt nok til 3. plass i pulja og kamp i B-sluttspelet seint på dagen onsdag i staden for på morgonen.
Her er sluttspel-kampane
29.07 08:00 Sunndal 2 - Nore Neset 2 (G16) Abildsø 1
29.07 09:00 Nesodden - Os 3 (G16) Rustad 5
29.07 09:00 Nore Neset 1 (G16) - Sandar Furuset 1
29.07 10:00 Os 2 (G16) - Surnadal Abildsø 4
29.07 12:00 Sandviken - Os 1 (G19) Ekeberg bane 13
29.07 12:00 Aksla - Os 3 (G19) Bjølsen 3
29.07 19:30 motstandar ukjent - Os (J16) Rustad 1
29.07 20:30 Os 1 (G16) - motstandar ukjent Abildsø 1
30.07 12:00 Os 2 (G19) - motstandar ukjent Abildsø 1
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.