Lokal | 11. sep. 2015

Med Hjarte for Os

Lesarinnlegg, May Brit Haringstad Mjøs: Har du enno ikkje bestemt deg? Då vil eg fortelja deg kvifor du bør stemma på Os Høyre.

Med Hjarte for Os
May Brit Haringstad Mjøs saman med statsminister Erna Solberg og ordførarkandidat Marie Bruarøy (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 11. sep. 2015 10:43

Kjære sambygding!

Måndag skal det avgjerast, Kven som skal styra Os dei neste fire åra. Har du enno ikkje bestemt deg? Då vil eg fortelja deg kvifor du bør stemma på Os Høyre.

Men først vil eg fortelja deg litt om meg sjølv og kvifor mitt hjarte bankar så sterkt for Høyre.

Eg er ei vanleg kvinne, gift og mor til tre flotte born derav ein heimebuande gut på 11 år, Eg er dotter med ei eldre mor og eg jobbar som vernepleiar i Os Kommune. Heilt ordinær med andre ord.

Eg er slik som du, oppteken av dei nære ting. Eg vil at borna mine skal veksa opp i trygge omgjevnader, gå på ein skule som rustar dei for framtida, ha ei meiningsfull fritid og trygg skuleveg og eg vil at mor mi skal vita at ho er i trygge gode hender og kan få vera med på å bestemma korleis ho vil ha det den dagen ho skulle ha trong hjelp frå omsorgstenesta.

Dei siste 16 åra har Os Høyre vore i posisjon og vi er klare for 4 nye år!

Høyre fører ein ansvarleg politikk. Vi kjem ikkje med store blinkande plakater om lovnader som forteller veljarane om alt det fancye ein skal få gjort dei neste fire åra. Vi har ein stram kommuneøkonomi og vi er realistiske på kva det er mogeleg å få til. Det handlar om å forvalta dei kronene vi har på ein sunn og forsvarleg måte. Til dei som bur i bygda sitt beste og til dei som kjem etter oss.

Os Høyre er og oppteken av dei nære ting.

Å levera tenester av høg kvalitet til innbyggjarane uansett alder og livssituasjon.

Som at borna får har dei beste føresetnadene for å lukkast når dei går ut av grunnskulen.

Det er difor Os Høyre har skule som eit av våre hovudsatsningsområder for denne perioden.

Førebyggjing og tidleg innsats er viktig for å lukkast.

Etter og vidareutdanning av lærarar er god Høyrepolitikk. Gjennom «prosjekt betre læringsresultat» og oppretting av eit tverrfagleg kompetanseteam som har kompetanse på psykososiale forhold og som kan letta læraren sine utfordringar og gje meir tid til tilpassa opplæring for alle elevar utifrå deira forutsetnader.

Gode barnehagar med god pedagogtettleik. Barnehagekvardagen skal kjennast trygg for både foreldre og barn.

Sikra eit stabilit og godt barnevern som tryggar oppvekstvilkåra for barn og unge i Os. Borna er framtida vår.

Trygge skulevegar. Vi skal kjenna oss trygge når vi sender borna avgårde på skulen. Derfor vil Høyre jobba for trafikksikringstiltak rundt skulane og etablera korte og trygge skulevegar og nye sykkelvegar i kommunen.

Kompetanseheving og valfridom i omsorgssektoren er viktige satsningsområder for Os Høyre.

Vi er opptekne av at flest mogeleg skal få høve til å vera sjef i eige liv og at vi har den naudsynte kompetansen uavhengig om ein bur heime eller i institusjon. Det handlar om å kjenna seg trygg.

Vi vil og jobba for fleire og alternative arbeidstidsordningar i samarbeid med organisasjonane og ønska stillingsstorleik.

Fysisk aktivitet og tilgang til gode kulturopplevingar fremjar god folkehelse. Vi skal ha eit variert kultur og idretttilbod som favnar alle uansett alder, funksjonsnivå og interesser. Det skal vera lett å nytta seg av dei flotte friluftsområda vi har rundt i bygda og vi vil jobba for fleire parkeringsplassar rundt populære område og turvegar i Os.

Gode nærmiljøtiltak i krinsane er viktige og Høyre vil stø opp om det frivillige arbeidet som vert gjort. Oseana skal vera ein kulturell møteplass for store og små begivenheter med eit spennande og variert tilbod.

For Os Høyre er det viktig å ha ei sunn økonomi og at vi rustar bygda for framtida ved å koordinera samfunnsplanlegginga gjennom gode arealplanar som sikrar samanheng mellom næring, bustad og grøne lunger og jobba for eit levande handelssentrum som står seg for framtida gjennom «Liv På Øyro».

Bruk stemmeretten din 14. september, stem Høyre!

Godt val!

May Brit Haringstad Mjøs, Leiar i Os Høyre og 3.kandidat til kommunevalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.