Kultur | 21. apr. 2015

Med New York-trend til Haugland

«Five Rhythms» har blitt ei verdsomspennande treningsform med utspring frå New York. I helga var deltakarar frå store delar av Noreg samla til workshop på Haugland.

Med New York-trend til Haugland
Hege Gabrielsen og Heidi Tronsmo sto bak ei vellykka samling i Studio E39 (privat foto)
Andris Hamretirsdag 21. apr. 2015 12:56

Bildeserie:

Kursdeltakarane i fri utfolding (privat foto)
Kursdeltakarane i fri utfolding (privat foto)
1 av 1
Kursdeltakarane i fri utfolding (privat foto)

I helga var 14 kvinner og ein mann samla i Studio E39 på Haugland for å vera med når Heidi Tronsmo og Hege Gabrielsen inviterte til tre dagar med kombinasjon av song og dans.

– Hege er dansar og dansepedagog og har, som det første i Noreg, vidareutdanna seg med eit opplegg frå New York som er kalla «Five rhythms».

– Det er ei fri danseform kor ein kombinerar og brukar følelseslivet ditt saman med fysisk aktivitet.

– Dette er det nye etter yoga, fortel Tronsmo.

Bevega seg til stemmen

Saman med Gabrielsen har Tronsmo teke det vidare og òg involvert bruk av stemmen.

– Du veit stemmen er òg ein muskel som kan trenast.

– I helga brukte vi mellomanna stemmen til å laga vår eigen musikk og dansa til den.

– Hege og eg har heilt frå 90-talet i Oslo jobba saman med stemme og røyrsle. Mellomanna jobba vi mykje med teaterstudentar.

– Vi har lenge snakka om at vi hadde lyst til å gjera det igjen, så når signala kom om at mange ønskja dette, så satte vi i gang.

Frå store delar av landet

Dei femten deltakarane kom frå Molde til Stavanger, frå Bergen til Oslo i tillegg til fleire meir lokale.

– Det var noko av det som kanskje var kjekkast. Det å kunne blanda så ulike folk.

– Nokre overnatta her på tunet, nokre driv profesjonelt som sangarar, medan andre igjen er meir amatørar.

– Ein treng ikkje forkunnskap. Det handlar ikkje om trinn og steg, men meir om å tørra å føla og kjenna på sin eigen kropp.

– Felles for dei fleste deltakarane var nok at dei kom frå «Five Rhythms»-miljøet og har vore på ein og anna workshop tidlegare.

– Det blir fort at du blir litt frelst når du kjem inn i dette. Reiser du til dømes til New York, så oppsøker du miljøet om du finn eit ope kurs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.