Næringsliv | 15. juli 2017

Med nybakt brød på ein søndag

Kundane jublar: Hagavik Hjemmebakeri har starta med søndagsopen butikk.

Med nybakt brød på ein søndag
Amalie Mortensen og Benedicte Arntzen står tidleg opp for å by på ferke brød og bollar om søndagane. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 15. juli 2017 08:29

I morgon er det fjerde søndagen Hagavik Hjemmebakeri har ope.

– Vi følte det var eit behov for ein søndagsope butikk også her ute, så vi fann ut vi ville prøva, og det har gått betre enn venta.

– Det har vore fullt av folk her dei tre første søndagane, og tilbakemeldingane har vore heilt fantastiske, fortel Benedicte Arntzen.

Startar klokka seks

Sjølv om det er søndag er utvalet om lag det same som i vekedagene.

– Den einaste forskjellen er at vi berre har to typar brød, loff og grovbrød. Men til gjengjeld så er dei dagsferske. Vi er i bakeriet klokka 6 for å laga dei, klokka 10.30, ein halvtime før opning, tar vi dei ut av omnen.

– Utover dette er det både ferske frukostbrød, sommarbollar, skillingsbollar og kaker i disken.

Kjem frå byen for å handla

Arntzen fortel at ryktet om søndagsope bakeri og butikk har spreidd seg godt.

– Det har ikkje vore noko tilbod her ute tidlegare, så folk seier at dette er den beste ideen dei har høyrt om på lenge.

– Vi har til og med hatt kundar som har kome frå byen for å handla kaker hos oss. Dei fortalde at dei ikkje hadde sjanse til å koma opp her ellers i veka, så at vi no held søndagsope var midt i blinken, avslutter Arntzen.

VIDEO: Bli med då Midtsiden besøkte Hagavik Hjemmebakeri som del av videoreportasjeserien «På innsio»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.