Sport | 23. okt. 2015

Med nytt opprykk i sikte

Ørjan Sandal har aldri trent Lysekloster utan at dei rykker opp. I morgon kan det skje igjen.

Med nytt opprykk i sikte
Ørjan Sandal er nøgd med måten spelarane har takla presset på. Her i sesongens siste heimekamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. okt. 2015 14:03

I 2009 overtok Ørjan Sandal 7. divisjonsklubben Lysekloster. Same år kvalifiserte dei seg for opprykk til 6. divisjon.

Tre år seinare, framleis med Sandal bak roret, rykte dei opp til 3. divisjon.

– Det er ikkje noko å ha fokus på, seier Sandal, som helst vil snakka om morgondagens avgjerande kamp mot Bjarg nesten som om det var ein kva som helst seriekamp.

Med siger i morgon rykker Lysekloster opp til 2. divisjon, i sin tredje sesong i 3. divisjon. I 2013 og 2014 var Sandal dagleg leiar i klubben, i år har han vore tilbake på banen og Lysekloster har som kjent ikkje tapt ein einaste kamp i år.

– Vi er vant med presset

Trass i at laget har tatt 65 poeng, 15 poeng meir enn Varegg på 3. plass, er dei framleis ikkje trygge.

Om tabelltoar Sotra slår Varegg i morgon så må Lysekloster ha tre poeng for å rykka opp.

– Tilnærminga til kampen blir akkurat som i dei andre kampane vi har hatt i det siste. Heilt sidan sommaren har vi hatt Sotra i ryggen, likevel har vi levert i kamp etter kamp.

Bortsett frå Joakim Hjelmeland, som har halsbetennelse og truleg ikkje kan spela, kan Sandal velja fritt frå stallen til kampen i morgon.

Vann suverent i vår

Lysekloster har vunne 10 av dei 11 siste kampane. Bjarg slo nyleg både Austevoll og Øystese, men tapte 3-2 for Varegg.

Lysekloster slo Bjarg, som blir leia av tidlegare Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund, 7-3 i NM-kvalifisering i vår og 4-1 heime i serien.

– Men kampen i morgon handlar om meir enn ein siger. Kor mykje betyr det for klubben?

– Opprykk er målet vårt og det er klart at det betyr mykje! seier suksesstrenaren som for fire år sidan gav ut bok med tittelen «Veien til suksess - den lange ferden».

Opprykkskampen går på Bjarg sin bane, Stavollen, og startar klokka 15.00.

Sotra speler parallelt på heimebane mot Varegg.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.