Sport | 19. jan. 2013

Med piggdekk på isen

– Vi vil retta ei stor takk til politi, brannvesen og politikarar i Os, dette betyr utruleg mykje for ungdomane våre, seier Jane Espeland frå Os MC og MX klubb.

Med piggdekk på isen
Ulvenvatnet i dag: Isak Hagen Rotnes har taket på det å kjøra på is. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. jan. 2013 17:04

I desember fekk Os MC og MX klubb løyve av plan- og bygningsutvalet å kjøra på isen på Ulvenvatnet - dersom det kom trygg is og gode forhold.

Denne veka har forholda vore optimale og klubben har jobba fram mot første kjøredag i dag, laurdag.

Varsling av politi og brann- og redningsvesen og skifte til piggdekk blei unnagjort før dei første syklane trilla ut på isen laurdag formiddag.

– Det var ikkje vanskeleg å få ungdomane til å stå opp tidleg i dag, seier Jane Espeland.

Frå Sigurdsvika ved klubbhuset og sør mot flystripa og Ulven hadde dei laga ein lang og god bane.

– Dette betyr enormt mykje for ungdomane, spesielt sidan vi har så liten treningsbane på land. Her får dei verkeleg ta seg ut.

– Vi er utruleg takksame for den velviljen politikarane i Os har vist. På Austlandet kjører dei mykje på is, for dei fleste av våre medlemmar er dette første gong.

Det var både gutar og jenter i sving med motocross på isen i dag. Yngstemann er 8-9 år, eldstemann over 60 år.

Kjøringa blei delt i puljer med dei yngste for seg og ungdomar og vaksne etterpå.

Midtsiden kjem tilbake med video og fleire bilde frå den historiske førsteøkta på Ulvenvatnet i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.