
Politiadvokat Asbjørn Onarheim og lensmann Rasmus Dalen heldt onsdag ettermiddag ein pressebrief på Os lensmannskontor (foto: Andris Hamre)
Meiner dei har rett mann
Politiet gjekk tysdag kveld til aksjon og pågreip ein 18 år gamal gut for drapet på Hilda Feste.
- Han blei avhøyrt fram til cirka klokka 00.30 i natt.
- Han har forklart at han ikkje har noko erindring frå kva han har gjort den aktuelle kvelden, då han skal ha vore sterkt rusa, fortalte politiadvokat Asbjørn Onarheim på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.
På spørsmål frå Midtsiden seier Onarheim at politiet er rimeleg sikre på at dei har tatt rett gjerningsperson.
- Som det heiter i tiltalemessige samanhenger; vi meiner det er mest sannsynleg at det er han som har gjort det, seier Onarheim.
Nye avhøyr
Guten vil bli avhøyrt på nytt fredag. Han vil også bli framstilt for varetektsfengsling i løpet av fredagen.
Pågripinga skjedde på bakgrunn av etterforskninga så langt, mellom anna gjennom tekniske spor på åstaden.
- Kor lenge har de hatt søkelyset på guten?
- Han var tidlegare inne til vitneavhør og opptrådde der roleg og greit.
I samband med vitneavhøyret gav han samstundes frå seg fingeravtrykk og DNA-prøver frivillig. Onarheim vil ikkje gå inn på når mistanken blei meir spesifikt retta mot guten.
- No held vi fram med taktisk og teknisk etterforskning, blant anna med ransaking og beslag i guten sitt husvære, forklarar Onarheim om den vidare framdrifta i saken.
Har ikkje påverka etterforskinga
Politiet gjekk tidleg i saken ut med at dei trudde gjerningsmannen var i 30-40 åra, noko som var basert på ein flyktig observasjon frå eit vitne, heimesjukepleiaren som rykte ut på alarmen Feste utløyste.
På pressebriefen fekk Onarheim spørsmål i kva grad det hadde påverka etterforskninga at dei hadde ein vitneobservasjon som sa at gjerningsmannen var i 30-40 åra, medan det ny truleg er ein mykje yngre gut som står bak ugjerninga.
- Det har ikkje påverka etterforskinga nemneverdig.
- Vi har følgt den etterforskningsmessige framgangsmåten som vi la opp til frå starten og har konsentrert oss om alle mannspersonar som var ute den aktuelle kvelden.
Vil ikkje kommentera
Onarheim ser heller ingen samanheng mellom drapet på Os og andre overgrepssaker mot eldre andre stadar i landet.
- Det er ein spekulasjon de i pressa har gjort. Vi har sjølvsagt sjekka ut såkalla moduskandidatar, men har ikkje sett nokon samanheng mellom denne saka og andre saker.
- I fleire media har det blitt hevda at den avdøydde blei utsatt for seksuelle overgrep. Dette har de verken ville stadfesta eller avkrefta. Kan du kommentere det no?
- Nei, det er framleis eit tema vi ikkje ønskjer å gå inn på, seier Onarheim til Midtsiden.
- Fleire i bygda har uttrykt frykt som følgje av drapet. Har det etter politiet si meining vore grunnlag for ei slik frykt?
- Eg har forståing for den frykta, men frå vår side har vi heile tida oppfatta dette som ei ekstraordinær hending som ikkje det var grunnlag for å tru skulle skje igjen.
Bakgrunn for den haldninga utdypar Onarheim med funn på åstaden og den brutaliteten Feste blei utsatt for drapskvelden.
Kjenner ikkje motivet
Onarheim opplyser på pressekonferansen at politiet ikkje kjenner noko til motivet for ugjerninga. Det skal ikkje vera noko som er sakna frå den drepte sitt husvære.
- Er det noko i etterforskinga som kan gje indikasjonar på om dette var ei impulshandling eller om det var planlagt?
- Nei, det er det vanskeleg å seie noko om så lenge den tiltalte ikkje har fortalt noko med dette i avhøyra. Han seier at han ikkje hugsar noko frå kvelden.
- Kva vil du seie til osingane etter at de no har gripe ein lokal gut?
- At den pågripne er ein lokal gut gjer det sjølvsagt til ei ekstra belastning for bygda. Samstundes er det viktig å ha for seg at i Noreg er ein uskuldig fram til ein blir domfelt, avsluttar politiadvokat Asbjørn Onarheim.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no