Lokal | 23. mai 2015

Meinte Frp og H la til rette for ekspropriasjon

Det blei temperatur då Torill Keys (Ap) skulda Skaatun (H) og Bahus (Frp) for legga tilrette for ekspropriasjon langs Oselvo.

Meinte Frp og H la til rette for ekspropriasjon
Ståle Skaatun (H) og Gustav Bahus (Frp) blei skulda for å legga tilrette for ekspropriasjon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 23. mai 2015 07:40

Då plan- og bygningsutvalet handsama reguleringsplanen for Landboden var det tydeleg at posisjon med Frp/H og oposisjon med Ap/Tvs i spissen ikkje var heilt samde om kvaliteten i planen.

Les: – Ikkje ei god løysing og Må sikrast mot 200-årsflaum

Men skikkeleg temperatur blei det først då dei kom inn på elvepromenaden frå gamlebrua og ned til Osøyro.

– Eg ser ikkje at denne planen er klar i det heile tatt. Det er mange gode element, men mykje som burde ha vore endra på.

– Det forundrar meg at Frp/H eigentleg legg opp til ekspropriasjon av privat eigedom med å regulera inn elvepromenaden. Denne reguleringa gjev heimel for å ekspropriera, kommenterte Torill Keys (Ap).

Posisjonen vakna

Det fekk fart i posisjonspolitikarane som fram til då ikkje hadde vore særleg frampå i saka.

– Ekspropriasjon seier vi ikkje noko om, vi legg inn ein moglegheit med reguleringa.

– Per i dag har ingen tatt stilling til om det skal eksproprierast eller ikkje, svara Ståle Skaatun (H).

– Jamen, godkjenner de denne, så legg de opp til det. Eg konkluderar med at de legg opp til det, smalt det frå Keys.

– Dette kan eg ikkje la henga i lufta. Det er eit billig argument frå AP å seie at Frp støttar ekspropriasjon med elvepromenaden.

– Du veit at det sit veldig langt inne for oss å gå til det skrittet. Det har vel kun vore gjort to gongar frå 1999 til i dag, repliserte Gustav Bahus (Frp).

Juridisk moglegheit

Men Keys gav seg ikkje og peika på at reguleringsplanen og plankartet var juridiske dokument.

– Med dette juridiske dokumentet legg de opp til det. Det er eit faktum. De legg opp til at ekspropriasjon kan gjerast, påpeika Keys.

– Vi legg til rette for ein plan, ikkje for å ekspropriera, svara Jonny Garvik (H).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.