Sport | 08. apr. 2018

Meir heider til Os-dommarar

Først dømte dei Noreg, så blei dei kåra til «Årets unge dommarpar».

Meir heider til Os-dommarar
Jørgen Wold og Fredrik Andresen blei kåra til årets unge dommarpar i Hordaland under Gjensidige Cup i Sotra Arena laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 08. apr. 2018 08:21

Bildeserie:

Prisen fekk dei frå generalsekretær i Noregs Handballforbund, Erik Langerud (foto: Andris Hamre)
Prisen fekk dei frå generalsekretær i Noregs Handballforbund, Erik Langerud (foto: Andris Hamre)
1 av 1
Prisen fekk dei frå generalsekretær i Noregs Handballforbund, Erik Langerud (foto: Andris Hamre)

Då 3. divisjon i handball blei avslutta før påske blei Fredrik Andresen og Jørgen Wold frå Os kåra til årets dommarpar i herrar 3. divisjon.

Laurdag vanka det meir heider på dei unge dommarane, som begge dømmer for Nore Neset. Framfor 3500 tilskodarar, i pausen på landskampen mellom Noreg og Frankrike i Sotra Arena, blei dei kåra til «Årets unge dommarpar» i Hordaland.

Prisen blei delt ut av generalsekretær i Noregs handballforbund, Erik Langerud.

– Det er klart det er stas, sa dei to til Midtsiden tilbake på tribunen etter utdelinga.

Dømte treningskamp

Dei to var ikkje i Sotra Arena berre for å motta heider og ære. Litt jobb måtte dei også gjera, då dei tidlegare på dagen hadde dømt treningskampen mellom Noreg sitt rekruttlag, med mellom anna Joakim Hykkerud, og elitelaget FyllingenBergen.

– Vi fekk stort sett gode tilbakemeldingar frå trenarane etterpå. Vi hadde ein periode på fem-ti minutt litt ut i første omgang kor vi fall litt i prestasjonen, men ellers så er eg nøgd, fortel Fredrik Andresen.

– Kva skjedde, missa de konsentrasjonen?

– Nei, det var nok ikkje det. Det var nok meir at vi ikkje heilt klarte å finna ut kva linje vi skulle ligga på.

Hektisk vår

Sjølv om seriespelet byrjar å nærma seg slutten for dei fleste, så er sesongen langt frå slutt for dei to dommarane.

– Nei, no venter fellesrunden i den nasjonale Bring-serien i Oslo, innspurten i den nasjonale Lerøyserien, og regionslagsmeisterskapet.

– Neste sesong då, kva er målet?

– Det er å ta steget vidare. Denne sesongen har vi dømd 2. divisjon både for kvinner og menn. Målet er å få kampar også i 1. divisjon i løpet av neste sesong, avsluttar Andresen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.