Næringsliv | 01. mars 2015

Meir mannskap – meir plass

Etter eitt år i eigen verkstad har Tøsdal og Nordstrønen fått ny avtale, nytt utstyr, utvida kapasitet og dobla lokale.

Meir mannskap – meir plass
F.v.: Morten Tøsdal, Kristian Nordstrønen Aagaard og Joakim Nordstrønen i ein av dei to nye arbeidsbåtane til firmaet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mars 2015 14:34

Bildeserie:

Tøsdal og Nordstrønen hadde denne plassen frå før. (Foto: KVB)
Tøsdal og Nordstrønen hadde denne plassen frå før. (Foto: KVB)
No har dei dobla storleiken på verkstaden. (Foto: KVB)
No har dei dobla storleiken på verkstaden. (Foto: KVB)
Det kjem godt med når store og små motorar skal reparerast. (Foto: KVB)
Det kjem godt med når store og små motorar skal reparerast. (Foto: KVB)
Nytilsette Kristian viser diagnoseverktøyet. (Foto: KVB)
Nytilsette Kristian viser diagnoseverktøyet. (Foto: KVB)
1 av 4
Tøsdal og Nordstrønen hadde denne plassen frå før. (Foto: KVB)
No har dei dobla storleiken på verkstaden. (Foto: KVB)
Det kjem godt med når store og små motorar skal reparerast. (Foto: KVB)
Nytilsette Kristian viser diagnoseverktøyet. (Foto: KVB)

For ti år sidan var dei ferdig utdanna bilmekanikarar, for tre år sidan starta dei firma saman. Etter å ha vore fast utleigd til båtverkstad nokre år satsa dei i fjor for fullt frå eigen verkstad i Kolskogheiane.

Verkstaden er ikkje den viktigaste delen av forretningsideen, Morten Tøsdal og Joakim Nordstrønen har først og fremst operert som mobile mekanikarar.

– Folk har sett veldig pris på å få hjelp med båten heime i naustet eller i hagen. Vi har også reist ut av kommunen, blant anna til Ølve i Kvinnherad, der fem båteigarar bestilte hjelp. Vi gjekk frå naust til naust og det blei både billigare og enklare for kunden enn å frakta båten til nærmaste verkstad, fortel Morten.

Ein verkstad er likevel god å ha, og dei to unge gründarane seier det ikkje har vore ein bakdel å ligga eit stykke frå sjøen.

– Det er kort veg til nærmaste slipp, om vi vil ta opp ein båt. Og her i Kolskogheiane har vi veldig god plass både inne og ute. Det betyr mykje når du kjem med båt på hengar.

God lågsesong

Morten og Joakim fortel om eit godt førsteår i ny verkstad. Også etter rekordsommaren har det vore greit med oppdrag.

– Nokre jobbar som kom inn på våren, men som var for omfattande å ta før sesongstart, blei utsett til hausten. Andre, som vi tok service på i vår, oppdaga feil som kunne venta, men som burde utbetrast innan årets sesong, forklarer Joakim.

I tillegg har dei tatt fleire forsikringsjobbar. Nokre båtar som har blitt kondemnert har dei kjøpt sjølv for å pussa opp og selja.

Joakim har nyleg vore ute i pappaperm. I denne perioden har broren hans, Kristian Nordstrønen Aagaard vore vikar. Kristian, som også er utdanna bilmekar, er no tilsett.

I oppdrettsbransjen med nye arbeidsbåtar

Etter nokre oppdrag for sjømatkonsernet Lerøy Seafood sine oppdrettsanlegg i og nær Os fekk Tøsdal og Nordstrønen Motorservice AS ein avtale som inneber fast vedlikehald ved fleire anlegg.

– Generatorane treng vedlikehald om lag kvar tredje veke. Dei har dessutan også nokre båtar som vi tar service og reparasjonar på, seier Morten.

I starten blei båtmekanikarane henta med båt, men no gjer dei klar sine eigne arbeidsbåtar.

– Vi fekk tak i to gode bruktbåtar som vi har fått nye motorar til og held på å setja i stand. Båtane er 22 fot og robuste og stabile.

Dobla areal og nytt utstyr

Verkstaden, som ligg bak Røde Kors-huset i Kolskogen, leiger selskapet av Aspenes-brørne. I haust flytta ein annan leigetakar ut og den andre halvparten av etasjen blei ledig.

– No har vi dobbelt så god plass inne og endå meir romsleg uteplass.

Nytt utstyr er også på plass, blant anna Texa diagnoseutstyr.

– Vi har leita ei stund etter det best eigna diagnoseutstyret, og dette kan brukast på fleire motormerke, både innabords og påhengsmotor, fortel Joakim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.