Kultur | 19. okt. 2014

Meir Sabeltann

Sundag får ein enda ein sjanse til å få med seg storfilmen Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama. I tillegg kan ein sjå forhistorien til mannen som etter kvart blei kjent som Dracula.

Meir Sabeltann
Kaptein Sabeltann I Abra havn. (Foto/Copyright: Storm Films). Luke Evans som Dracula i Dracula Untold. (Distributør: United International Pictures). 
Kari M. Lyssandsøndag 19. okt. 2014 09:02

Dei to visningane Oseana hadde av Kaptein Sabeltann for to helger sidan gjorde at rundt 600 osingar tok turen til Oseana. Denne helga får ein enda ein sjanse til å få med seg Noregs kanskje mest kjente pirat når Oseana set opp enda ei visning av filmen sundag. Ein kan også få med seg filmen som viser kva som gjorde Vlad Tepes til Dracula i Dracula Untold.

Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama

Dette skriv Bygdekinoen om filmen:

Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama er eit storslått actioneventyr, spekka med humor og spenning.

Vi følgjer den foreldrelause Pinky på ei spennande reise frå Abra Havn til det legendariske kongeriket Lama Rama, der dei møter den lattermidle Kong Rufus og den skumle broren hans, Prins Badal.

På vegen må Kaptein Sabeltann og hans menn kjempe mot den pill råtne vikingpiraten Bjørn Barsk og båttjuvane hans. Med heltemodig innsats frå mannskapet, Pinky og Ravn, opplever sjørøvarane våre eit eventyr dei seint vil gløyma.

Men vil Kaptein Sabeltann finne skatten, og finn Pinky svaret på kven som er pappaen hans?

Filmen varer i 1 t og 36 min. og har fått aldersgrense 7 år av denne årsaka: ”Enkelte mørke og dramatiske scener gjør at filmen får 7-årsgrense”.

Dracula Untold

Luke Evans ("Fast & Furious 6", "Immortals") har hovudrolla i "Dracula Untold", filmen som fortel forhistorien til Vlad Tepes - mannen som etter kvart blei betre kjent som Dracula.

Prins Vlad (Luke Evans) truast av den tyrkiske hærføreren Mehmed.

For å redda folket sitt i Transylvania frå ein invasjon, lar han ein vampyr bita han for å få midlertidige krefter til å forsvara seg og sine.

Kreftene varar i tre dagar, men drikker han blod, vil vampyrforbanninga vara til evig tid.

Skodespelarar: Sarah Gadon, Dominic Cooper, Diarmaid Murtagh og Samantha Barks.

Filmen startar klokka 19.00 og har 11 års aldersgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.