Kultur | 15. des. 2017

Meir til frivillige lag

Kongen i statsråd auker grasrotandelen til 7%. Det betyr meir penger til frivillige lag og organisasjoner.

Meir til frivillige lag
Auka Grasrotandel gir meir pengar til frivillige lag og organisasjoner (illustrasjonsbilde frå Eat, Move and Sleep-cup: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. des. 2017 13:25

Siden grasrotandelen blei innført i 2009 har det generert over 2 milliarder kroner til frivillige lag og organisasjoner. Grasrotandelen kan spelarar hos Norsk Tipping gje til det idrettslaget eller foreninga dei ønskjer.

I 2016 fekk lag og organisasjoner i Os utbetalt totalt 2 033 005 kroner i grasrotmidler.

– Måle med å utvida Grasrotandelen er å sikra enno betre økonomiske kår for frivilligheiten. Gjennom Grasrotandelen får folk moglegheit til å vise si støtte til det idrettslaget eller den foreninga som ligg deira hjarte nærast. Pengene er ein viktig inntektskilde for små og store lag og foreninger landet rundt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) i ei pressemelding.

Frå 1.1.2018 auker Grasrotandelen frå 5 til 7 prosent etter at kongen i statsråd godkjente den nye forskriften.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.