Lokal | 06. des. 2016

Meir til skule og miljø

Budsjett 2016: SP, TVS, MDG og AP vil ikkje kutta lærarstillingar i ungdomsskulen og ha ein tydelegare miljøsatsing i kommunen. Vil kutta bølgjebrytarane i Os hamn.

Meir til skule og miljø
Nils-Anders Nøttseter (MDG) presenterte framlegget på vegne av fire av oposisjonspartia (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. des. 2016 08:31

Dei fire oposisjonspartia SP, TVS, MDG og AP fremja i formannskapet tysdag eit alternativt framlegg til budsjett kor dei vil ha ein grønare profil og ei styrking av skule og kultur.

– Med dette budsjettframlegget ønsker samarbeidspartia å leggja føringar for ei berekraftig og framtidsretta samfunnsutvikling i kommunen. I vårt framlegg har vi prioritert ein grønare profil og ei styrking av skule og kultur. Vi ser at folkeveksten i kommunen vil krevja auka investeringar i naudsynt infrastruktur som bustadar, skular barnehagar, vegar, sykkelstiar, vatn og avlaup m.m, heiter det i budsjettframlegget frå dei fire partia.

Må ta klimakutta

Noreg har gjennom Parisavtalen, som blei signert i desember 2015, forplikta seg til klimakutt for å sikra at temperaturen på jorda ikkje stig meir enn 2 gradar.

– Kommunestyret har allereie vedteke at klimaplanen skal rullerast, og i høve Parisavtalen er det påkravd at kommunen realiserer konkrete kutt i klimagassutslepp. Nokre reduksjonar kan takast gjennom normal modernisering og andre rimelege tiltak, men nokre tiltak kan vera kostbare. Difor er det viktig at ein knyter konkrete budsjettmidlar til å realisera tiltak som vert vedteke i den nye klimaplanen, skriv partia som vil ha ein fast post på driftsbudsjettet for reduksjon av utsleppa og gjer framlegg om 1 million i konkretiseringsmidlar klimaplanen.

Vil ikkje kutta lærarstillingar

Som følgje av redusert støtte frå staten til fire stillingar ved Os ungdomsskule har rådmannen i sitt framlegg sagt at desse ikkje videreførast.

– Samarbeidspartia meiner skulen må vera ei høgt prioritert oppgåve. Vi kan difor ikkje akseptera reduksjon i lærarstillingar. Vi forventar også at kommunen følgjer opp når det gjeld krav til bygningsmasse i nye skulebygg.

Dei fire partia foreslår å auke ramma til oppvektområdet med 5,12 millionar kroner.

Tiltakspakke mot barnefattigdom

I budsjettframlegget presenterer dei fire ei ikkje-spesifisert tiltakspakke mot barnefattigdom på 200 000 kroner.

– Det er overraskande mange born som lever i familiar med vedvarande låg inntekt. Dette er eit problem, både for dei det gjeld, og for storsamfunnet. Vi har difor eit forslag om ein tiltakspakke som består av både midlar og konkrete tiltak, heiter det i framlegget.

Budsjettkameratane legg òg inn 500 000 til Kultur-SFO, 500 000 til Kunst i kulturskulen, 600 000 til ei fysioterapeutstilling og 330 000 til ei 1/2 diakonstilling.

Kuttar bølgjebrytarane og bubilparkering

For å auka satstinga på trygge skuleveger foreslår dei fire partia å kutta den storstilte investeringa på bølgjebrytarar i Os hamn med 20 millioner kroner og bubilparkeringa med 1,7 millionar.

– Vi har eit stort etterslep på trafikksikring i kommunen, og vil difor gjera omprioriteringar i investeringsbudsjettet på dette punktet. Vi meiner det er viktigare med trygge skulevegar enn bølgjebrytarar i Os hamn. Det skal vera eit krav at alle elevar som ikkje har rett til fri skuleskyss har trygg skuleveg, skriv dei fire som legg inn 8,5 millionar til trafikksikringstiltak.

Vil starta reguleringa av Søftelandsparken

I tillegg legg dei inn 2,5 millionar til ei treningsleiligheit i rusomsorgen, 500 000 til tilrettelegging av turområde og 500 000 til reguleringsplan for Søftelandsparken.

– Samarbeidspartia vil leggja til rette for frivilligheit i Os, og løyve pengar til oppstart av reguleringsplan for Søftelandsparken. Dette meiner vi er eit godt prosjekt der aktørane sjølv vil skaffa finansiering, berre dei kjem i gang med sjølve reguleringa av området.

Gjennom sitt framlegg oppnår dei fire partia å redusera låneopptaka til kommunen i økonomiplanperioden med 9,7 millionar kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.