Lokal | 13. des. 2014

Meir til skule og oppvekst

Lesarinnlegg (MDG): Miljøpartiet dei Grøne vil ha større lærartettleik i skulen.

Meir til skule og oppvekst
MdG vil ha høgre lærartettleik i skulen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 13. des. 2014 08:19

Fleire av dei største skulane i Os har i følgje Utdanningsdirektoratet no over 20 elevar i kvar klasse. Os barneskule tronar med heile 21,5. Samstundes er lærartettleiken i Os er ganske lav, med i gjennomsnitt 15,4 elevar per lærar på 1.-7. trinn. Det er veldokumentert at elevar i mindre grupper leverer betre resultater, og det er også underforstått at færre elevar per lærar aukar kvaliteten på undervisninga og gjev betre oppfølging per elev. I tråd med krav frå lærarar og foreldre vil Miljøpartiet Dei Grøne ha ein skule tufta på kvalitet, med mindre grupper og fleire lærarar. Skulen skal ikkje vera ein kuttpost for trang kommuneøkonomi.

Etter fleire sakar i nasjonale medier om dette emnet, deriblant Aftenposten og NRK, har ein lærar i Os-skulen teke initiativ til ein underskriftskampanje for færre elevar per lærar i Os kommune. Då denne nyleg vart spreidd på Facebook var ordførar Terje Søviknes kjapt på ballen med ein kommentar om at Os kommune skal auka lærartettleiken på småskuletrinnet. Det står ikkje noko om auka lærartettleik i budsjettframlegget til H/FrP, men der er det rett nok sett av 2 millionar til å auka vaksentettleiken i 1. trinn. Det er sjølvsagt i ein positiv retning, men det er ikkje nok. H/FrP har også sett inn 1,6 millionar til kompetanseheving, leseprosjekt og matematikkprosjekt. Slike prosjekt er bra, men det er lita nytte om det ikkje er tilfredsstillande antall lærarar til stades. Det er som regel assistentar og fagarbeidarar som blir sett inn som styrking i klassane, for at kostnaden på skule ikkje skal bli for stor. Desse gjer sjølvsagt ein god jobb, men dei er ikkje utdanna til pedagogisk undervisning. Dersom kvaliteten på innhaldet i skulen skal bli betre, må det inn fleire lærarar i undervisninga og i skulane.

Os Kommune ligg litt under gjennomsnittet på nasjonale prøvar. Det har vore diskutert og gjennomført styrking både på småtrinnet og ungdomstrinnet utan veldig store resultat. Det vil kreva ytterlegare ressursar enn det H/FrP lovar for å styrka skulen godt nok. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne fryktar at administrasjonen vil ta til takke med eit nærast symbolsk løft, men vere uvillige til å ta den reelle kostnaden det vil vera å løfta Os-skulane heilt opp.

Dette er ikkje ein lokal problemstilling. På NRK.no 05.12. kunne ein lesa om korleis trang kommuneøkonomi gjer at mange rådmenn let skulane bæra innsparingane til kommunane. Os kommune brukar allereie mindre pengar per elev enn gjennomsnittet både i Hordaland og nasjonalt. Det er den sitjande politiske og administrative leiinga i Os som er ansvarlege for dette, og vi i Miljøpartiet Dei Grøne har ikkje tru på at det vil skje omfattande betringar.

Det er ei auke i folketalet i Os, og trinna kjem til å bli større og større. Miljøpartiet Dei Grøne vil at kommunen skal tenkje langsiktig infrastruktur på mellom anna skuleområdet før nye utbyggjingsprosessar vert sett i gong. Dette gjeld mellom anna plass til framtidige elevar, og sjølvsagt også tilstrekkeleg tilrettelagte skulevegar. Tenk om folketalsauket til dels var eit resultat av at skulane våre var ettertrakta og hadde eit godt pedagogisk omdømme! Det hadde vore flott å skilta med!

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det er på tide å bruka meir pengar på skule og oppvekst i Os. Det er dei framtidige osingane som no sit på skulebenken. Det er klart vi må gi desse ungane og ungdommane den beste opplæringa vi kan!

I tråd med krava i underskriftskampanjen vil Miljøpartiet Dei Grøne at skulane skal halda seg til følgjande lærartettleik:

1 - 4. trinn: 18 elevar pr lærar
5 - 7. trinn: 20 elevar pr lærar
8 - 10. trinn 22 elevar pr lærar

Nils-Anders Nøttseter (1. kandidat)
Bjørn T. Bøe (3. kandidat)
Marion Dale Wollertsen (6. kandidat) Miljøpartiet Dei Grøne i Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.