Næringsliv | 22. mai 2015

Meisterleg i marknaden

Byggmester Bjørn Døsen AS vann pris hos Mesterhus-kjeden.

Meisterleg i marknaden
Katarzyna Kozaczka er nytilsett arkitekt hos Bjørn Døsen. Her saman med salssjef Veronica Søilen Halhjem, med prisen for beste marknadsførar hos Mesterhus i 2014. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mai 2015 06:21

– Eg trudde vi var gode på internett frå før, men vi var visst ikkje det, seier Bjørn Døsen og ler.

Det var ingen spøk då han 1. april 2014 tilsette Veronica Søilen Halhjem som salsleiar.

– Ho har gjort ein god jobb og det gav raskt resultat. På årskonferansen med Mesterhus i Trondheim viste det seg at også hovudkontoret hadde lagt merke til det, seier byggmeisteren nøgd.

Tett på kundane – via sosiale media

På årskonferansen vann Mesterhus Os, i konkurranse med 146 andre i kjeden, prisen for beste marknadsførar.

– At vi fekk nye heimesider er éin ting, men det er nok måten vi bruker sosiale media på som har vore utslagsgjevande, trur Veronica.

Ho har vore spesielt aktiv på facebook, der ho har delt nyttige artiklar om ulike tema til selskapet sine følgjarar.

– Det gjeld å vera litt selektiv, at ikkje det blir for mykje uinteressante saker. Ein konkurranse der vi lodda vekk ein byggmeister for ein dag, gav enorm respons.

Følgjarane skreiv inn kva småjobbar dei ville ha hjelp til og var med i trekninga. Tysdag blei vinnaren kåra, og ho får ny terrasse i inngangspartiet sitt.

Med ny arkitekt i staben

Noko av det selskapet vil jobba med å få tydelegare fram i tida som kjem er utvalet og variantane av hus.

– Mange blir positivt overraska når dei høyrer at hus i katalogen kan teiknast om, dei er ikkje klar over at dette berre er eit utgangspunkt som vi lett kan justera på. Dei har funne favoritten sin, men ønskjer for eksempel ei ekstra stove eller fleire soverom.

Via kjeden får dei tilpassa huset. Men no i mai fekk dei styrka stallen med ein arkitekt.

– Katarzyna Kozaczka har erfaring frå ein del større bygg i Polen, men ville over på bustadar. Det passa godt for vårt behov, seier Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.