17-åringen blei køyrd til arresten i byen (ill.foto: AH)

Hissig gut på russefest

17-åring ville ikkje belita seg. Slåss med politiet heile vegen til byen.

Av: Andris Hamre

Politipatruljen på Os måtte få hjelp frå byen då ein 17-åring slo seg vrang i Hegglandsdalen.

– På ungdomshuset i Hegglandsdalen skulle det vera eit rusfritt russetreff. Dei hadde i allefall ikkje skjenkebevilling, men det var likevel ein del som var berusa, fortel operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved Vest politidistrikt.

Viste vekk tre

Første gang politiet måtte gripe inn var i 2-tida.

– Då blei tre personar bortvist frå staden.

Slåss heile vegen til arresten

Klokka 03.14 måtte politiet på nytt trå til.

– Då var det ein 17 åring som ikkje var heilt tilsnakkanes. Han slåst med patrulja, som måtte få hjelp frå byen for å få kontroll på han.

– Han ville ikkje belita seg og slåss med patrulja heilt til vi fekk satt han i arresten her i byen.

– Så han slåst med politiet heile vegen til byen?

– Ja, han ville ikkje roe seg. Han blir anmeldt for vald og trugslar mot offentleg tenestemann, ordenforstyrringar og for å ha nekta å oppgje personalia til politiet.

– Barnevernet er varsla og vi har freista å varsel foreldra, men dei har vi ikkje fått tak i, avsluttar Thue.