Lokal | 22. sep. 2017

Melder 18 gradar og sol!

Helga blir tørr og fin. Veka som kjem blir varm og skyfri.

Melder 18 gradar og sol!
Frå laurdag og ei veke fram skal det bli varme, fine haustdagar i Os. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. sep. 2017 07:21

September byr på nok ei veke med sol og varme. Etter nokre grå dagar og det som er meldt som ein våt fredag skal det natt til laurdag tørka opp og bli opphaldsvêr.

Både Yr og Storm melder skyfri himmel og 15 gradar laurdag, og lettskya og opphaldsvêr søndag - begge dagar med under 2 m/s vindstyrke.

Det er meldt opphaldsvêr heilt til neste helg, frå måndag også med høgare temperaturar.

Frå måndag til og med torsdag er det meldt 17-18 gradar og sol. Fredag om ei veke kan det bli overskya og litt nedbør på morgonen, ifølgje langtidsvarselet.

• Sjå detaljert vêrmelding for Os på VG Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.