Lokal | 18. juli 2016

Melder 21 gradar og sol

Onsdag og søndag ser ut til å bli dagane med finast vêr denne veka.

Melder 21 gradar og sol
Os hamn i dag. Det skal letta utover dagen, regna tysdag og letta onsdag igjen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. juli 2016 08:00

I førre veke meldte både Yr og Storm to dagar med litt sommar i Os, opptil 20 gradar og lettskya skulle det bli onsdag og torsdag.

Mange blei nok skuffa. Sola var ikkje framme, det kom òg litt nedbør dei to dagane.

Sommarvêret er tydelegvis vanskeleg å spå, men meteorologane har ikkje tatt ferie.

Sånn skal denne veka bli i Os (kjelde: pent.no):

MÅNDAG: Lettskya, 16 gradar og inntil 2,9 m/s vind frå sørvest.

TYSDAG: Overskya, regn, 14 gradar og inntil 4,1 m/s vind frå søraust.

ONSDAG: Lettskya, 21 gradar og inntil 3,4 m/s vind frå søraust.

TORSDAG: Lettskya på formiddagen, regn på ettermiddagen, 21 gradar og 3,6 m/s vind frå sørvest.

FREDAG: Overskya, nokre regnbyger, 17 gradar og 2,5 m/s vind.

Til helga melder Yr sol og 17 gradar laurdag, Storm melder regn og 15 gradar.

Søndag er begge einige; då skal det bli 18 gradar og lettskya.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.