Lokal | 16. juli 2017

Melder to dagar med sommar

Onsdag blir finast - torsdag blir varmast.

Melder to dagar med sommar
Steinneset i mai. Onsdag og torsdag blir det over 20 gradar og nesten vindstille. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. juli 2017 08:21

Det kalde og våte sommarvêret vi har på Vestlandet i år tar seg ein pause midt i veka.

Frå regn og 12 varmegradar måndag og halve tysdag skal temperaturen opp minst 10 gradar i Os.

Både Storm og Yr melder opphaldsvêr frå lunsj tysdag. På ettermiddagen skal temperaturen opp i 14-15 gradar.

Til onsdag er det meldt skyfri himmel og 20 varmegradar!

Torsdag er venta å bli lettskya fram til lunsj og opphaldsvêr med opptil 24 gradar.

Det er meldt nesten vindstille (1-2,5 m/s) onsdag, og berre opptil 3-4 m/s torsdag, så det er berre til å henta vannskia fram frå boden.

Både Storm og Yr melder regn på kvelden, men Yr spår opphaldsvêr og 17 gradar fredag.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, frå Storm og Yr side om side, på Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.