Lokal | 18. nov. 2017

Melder fire dagar med vinter

Temperaturen skal ned i 4 minusgradar. Samtidig er det meldt mykje sol og litt snø.

Melder fire dagar med vinter
Tøsdal 13. januar i år. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. nov. 2017 11:16

I dag er det 5-6 gradar og haglbyger i Os, frå søndag morgon skal det bli lettare - og ein god del kaldare.

Det kan koma noko sludd laurdag kveld, og natt til søndag er det venta 1-2 minusgradar.

Det kan bli glatte vegar i Os i natt!

Søndag skal det bli lettskya og 1-4 varmegradar, men frå kvelden er det meldt frost igjen.

Kaldast tysdag

Måndag og tysdag skal òg bli lettskya, men noko kaldare, tysdag med kuldegradar samanhengande gjennom dagen, ned i 4 minus, ifølgje Storm.

Til onsdag er det meldt overskya, men framleis under null.

Både tysdag kveld, onsdag kveld og torsdag morgon er det meldt snø.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.