Lokal | 12. feb. 2018

Melder kuling og regn

Etter eit døgn med snø kjem sol og opphaldsvêr. Så skal vinden auka.

Melder kuling og regn
Os hamn sett frå Osbrua i dag, etter ei natt og ein formiddag med snø. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. feb. 2018 09:54

Frå søndag kveld til måndag er Os kledd i kvitt, og det skal halda fram med å snø til i ettermiddag.

Til tysdag er det meldt opphaldsvêr, sol og 2-3 plussgradar, men på ettermiddagen skal vinden auka frå 5-6 til 8-9 m/s.

Natt til onsdag er det venta meir nedbør, men på dagen skal det vera opphald.

Samtidig skal vindstyrken (frå sør-søraust) auka til 10-11 m/s (frisk bris) på dagen og 14,8 m/s (stiv kuling) på kvelden.

Frå natt til torsdag og til og med helga er det venta nedbør. Temperaturen skal ligga på 3-5 gradar, så dette kjem truleg som regn.

Vinden skal halda seg på 8-14 m/s natt til torsdag, men løya til 5-6 m/s på ettermiddagen.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, frå Yr og Storm side om side, på Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.