Lokal | 17. mars 2017

Melder sol laurdag og sludd over helga

Det er venta lettare vêr og lågare temperaturar.

Melder sol laurdag og sludd over helga
Os hamn 24. februar 2016. I år har det vore endå mindre snø, men i neste veke kan det dala ned noko kvitt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. mars 2017 08:30

Etter ei overskya og varm veke med mykje regn skal det letta i Os utover fredagen.

Yr melder sol fredag ettermiddag, yr melder lettskya, men med noko nedbør.

Laurdag ser ut til å bli den mest strålande dagen i nær framtid, både Yr og Storm melder lettskya opphaldsvêr og temperaturar frå 0 til 4 gradar.

Vinden skal løya frå 8 m/s fredag formiddag til 2-4 fredag ettermiddag og halda seg på 2-3,5 m/s gjennom laurdagen.

Ventar minst 20 cm nysnø

I Eikedalen er det ein del vind i dag, men det er samtidig venta minst 20 cm snø i løpet av dagen.

– Vi kjem til å ha alle heisar i drift laurdag, skriv Eikedalen på heimesidene sine.

Også på fjellet er det meldt sol laurdag, og søndag fram til ettermiddagen. Temperaturen skal ligga på rett under 0.

Ein skya søndag

Søndag skal det skya til, men det er ikkje venta nedbør på formiddagen.

Yr melder regn frå rundt klokka 12, Storm spår nedbør først frå klokka 19.

Det er meldt nedbør måndag og tysdag, som sludd ifølgje Storm, og lågare temperaturar frå onsdag og inn mot neste helg. Då kan det også koma snø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.