Lokal | 15. apr. 2014

Meldt for breie dekk

Pimpa bilen med breie dekk. Det godtok ikkje politiet.

Meldt for breie dekk
Andris Hamretirsdag 15. apr. 2014 07:08

Ein ungdom i 20-åra blei måndag ettermiddag stoppa av patrulja frå Os lensmannskontor.

– På bilen sto det breiere dekk enn det som var tillatt for køyretyet.

– Skilta på bilen blei teken, men føraren nekta i tillegg å etterkomma pålegget frå patrulja om å sørgje for å få flytta bilen medan han fekk tak i rette dekk.

– Han blir difor anmeld for forholdet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Rotar i søpla

Igjen har politiet fått melding om uvedkommande som har vore og rota i boss-skuret utanfor Elkjøp på Amfi Os.

– Det er eit gjentakande problem, at uvedkommande er der natterstid og leitar etter varer.

– Vi må igjen ta ein prat med butikken om korleis vi saman skal handtera dette, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.