
20. desember i fjor blei denne bilen stoppa på glatte dekk på Hatvik, men den fekk kjøra vidare. (Foto: KVB)
Men denne karen slapp unna
Måndag kveld blei ein polsk trailersjåfør ilagt kjøreforbod etter ei utforkjøring på Ulven.
Les òg: Utfor på sommardekk
Også i desember måtte ein polsk sjåfør ta seg ein ekstra pause i Os, men han blei ikkje straffa.
Les òg: Stoppa på speglglatte dekk
– Det var litt snø og is i vegen, men ikkje glatt nok, meinte juristen. Derfor kunne vi ikkje melda han ein gong. I teorien kjørte han skodd etter forholda, seier politibetjent Kenneth Rastad.
Å stoppa ein bil med dårlege dekk, anten det er på grensa inn til Noreg eller som i eksempelet over; på Hatvik, er ikkje godt nok med mindre det er glatt på staden.
– Anten bilen skal over Vallaheiane, og det er glattare der, eller den skal over fjellet, så kan vi ikkje krevja dekkskifte visst dei er skodd etter forholda der vi står. Vi er avhengig av å ta dei på fersk gjerning, altså på glatt veg.
Når det gjeld traileren som i kveld blir ståande igjen i Os håper Rastad på pålegg om å skifta dekk.
– Det er glatt i kveld og meldt kaldt til i morgon, så eg håper denne trailersjåføren får seg vinterdekk før han kjører frå Os.
– Dessutan har han allereie gjort noko ulovleg, ved å kjøra dårleg skodd, og han har vist ved å kjøra i grøfta at det var for glatt til dei dekka han har.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no