Lokal | 24. apr. 2018

To menn tatt med cannabis

Den eine blei sjekka på gata, den andre fekk husværet sitt ransaka.

To menn tatt med cannabis
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. apr. 2018 07:15

Måndag i 15-tida møtte politiet ein mann dei kjenner litt til frå før.

Vedkomande blei undersøkt og politiet fann mindre mengder hasj.

– Mannen, som er i 30-åra, er meldt for forholdet.

Fann marihuana

I 17-tida var dei på ransaking hos ein mann i 20-åra.

Her blei det funne mindre mengder marihuana. Også dette forholdet er meldt.

Steinsprut frå lastebil

På formiddagen måndag blei politiet oppringt frå ein som hadde fått steinsprut på bilen sin.

– Det skal ha skjedd i 11-tida. Steinspruten skal ha kome frå ein lastebil med hengar.

Lastebilsjåføren skal ha stoppa så dei to fekk ein prat, og saka er no eit forhold mellom forsikringsselskapa til partane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.