Lokal | 13. feb. 2018

– Menneskje i fokus i alt vi gjer

Val av utdanning • Rådmann Christian F. Fotland meiner mange myter om kommunen feil. – Her er det ingen som heng på spaden.

– Menneskje i fokus i alt vi gjer
Rådmann Christian F. Fotland fortel om eit enormt spekter av moglegheiter for karriere i kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 13. feb. 2018 11:49

Han er sjef for den største arbeidsplassen i Os, med 1345 tilsette ved utgangen av 2017, og blir nesten overraska når vi utfordrar rådmann Christian F. Fotland på kva karriere ein kan gjera i kommunen.

– Er eg sjef for alt dette? kjem det med ein latter etter at han har ramsa opp nokre av yrka ein kan ha i kommunen.

– Her kan du få jobb som brannkonstabel, sjukepleiar, snekker, elektriker, hjelpepleiar, lege, psykolog, jurist, lærar, økonom, it-ekspert, sosialantropolog, vernepleiar, støttekontakt, ingeniør, gravemaskinførar, barnehagelærar, sakshandsamar, assistent eller få jobb som ufaglært, berre du har eit talent eller interesse som kommunen treng.

Les óg:

Fersk rapport: Dette er fremtidens kompetansebehov
Gode råd: Os Gymnas
Gode råd: Os vgs

Menneskje i fokus

Sjølv om ein kan ha tatt dei fleste utdanningane for å gjera karriere i kommunen, er rådmannen tydeleg på at det finst ein fellesnemnar.

– Alt handler om menneskjer. Har du lyst til å jobba med meiningsfulle oppgåver for menneskjer, så kan ein jobb i kommunen vera noko for deg. Sjølv dei oppgåvene du kanskje ikkje tenkjer på handlar om menneskje.

– Kommunen har ansvaret for folkehelsa. Ta berre i dag, då må vi ut å strø og salte godt. Det har ein utruleg effekt og er eit direkte folkehelsetiltak frå dei som jobbar på teknisk, kanskje med større effekt enn det vi klarer å skapa gjennom andre tiltak, påpeiker Fotland.

– Det er noko meiningsfullt over det å jobba i kommunen. Vi jobbar med det som opptek folk. Som i mitt tilfelle utvikling av sentrum, parkering, bølgjebrytarar. Dette har folk ei meining om. Det vi held på med er ein stor del av livet til folk, skyt næringssjef Daniel Skotheim inn i det han svinger innom kontoret.

– Prøv oss!

Rådmannen er klar over at det finst mange myter kom dei kommunalt tilsette.

– Mytene om dei som jobbar i kommunen er forelda. Her er det ingen som har tid til å henge over spaden. Det er berre å prøva oss.

– Dessuten er vi konkurransedyktige på betingelser. Igjen, det er berre å prøva oss. Kommunal sektor er konkurransedyktige, og veldig gode på pensjonsordningane, noko det ikkje er dumt å tenka på.

– Eg meiner vi blir oppfatta som ein ryddig og god arbeidsgjevar, kor du møter ein veldreven og systematisk organisasjon med eit mangfald av spennande arbeidsoppgåver, avsluttar Christian F. Fotland.

Ny videoserie på Instagram

Lurer du på korleis det er å vera i jobb? På Midtsiden sin instagram publiserer vi ein serie av videointervju - ikkje med studentar, men med arbeidstakarar.

-

Yrkesval, episode 4: Lærar #midtsiden #midtsidenutdanning #jobb #arbeid #utdanning #skole #tautdanning #lærer #lærerliv #norge #hordaland #osøyro #oskommune

Et innlegg delt av Midtsiden.no (@midtsiden) Feb. 8, 2018 at 3:21 PST

PS! I faktaboksen i slutten av videoen har vi skrive snittløn ifølgje SSB. Det treng ikkje å bety at den vi har intervjua tener det same.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.