Sport | 14. feb. 2015

Merka divisjonsforskjellen

... men Hassan El Fakiri såg også positive trekk med Os i det som blei stortap for Nest-Sotra.

Merka divisjonsforskjellen
Hassan El Fakiri sine gutar får tøff matching i vinter. I dag spelte dei mot OBOS-klubben Nest-Sotra. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. feb. 2015 19:31

Os har bestilt sterk motstand i dei fleste treningskampane i vinter, og etter Odda og Sotra sto i dag Nest-Sotra frå OBOS-ligaen (1. divisjon) for tur.

Mot både Odda og Sotra leia Os til pause, men skifta også heile laget til 2. omgang, og tapte 2-4 og 1-4. I dag gjorde Os berre fem byte, men med mykje sjukdom og skade i stallen måtte dei klara seg utan blant andre Frode Moberg Øvredal, Børge Borgen, Emilis Zilinskas og Christer Olsen.

Likevel klarte dei seg greit første halvdel. Gjestane leia, men Sander Kvittingen var gjennom og nær på å utlikna tidleg i andre omgang. Resten av kampen blei ikkje like kjekk for 3. divisjonslaget, Os gjekk på eit stortap.

Os – Nest-Sotra 0-7 (0-2)

– Divisjonsforkjellen blei tydeleg. Dei klarer å halda eit høgare tempo i mykje lengre periodar, seier Os-trenar El Fakiri.

Han tar likevel med seg enkelte positive ting etter kampen.

– Det er aldri kjekt å tapa 7-0. Men eg gler meg over at vi spelte ein bra førsteomgang og at vi våga å øva på det vi driller på på trening for tida, å spela oss fri bakfrå.

– Dette trass i at vi spelte mot eit lag to divisjonar over oss, som i tillegg sto svært høgt.

Osing Bjarte Haugsdal spelte for gjestane, men gjekk av banen med skade etter ein duell med Torkel Hjertnes.

Os sitt lag (4-3-3): Kasper Færøvik - Stian Bakke, Håkon Kvittingen, Torkel Hjertnes, Glenn Krossøy - Erik Kanestrøm, Marius Mikkelsen, Kristoffer Østervold - Adrian Valle, Aksel Skaar og Sander Kvittingen.

Innbytarar med speletid: Mats Lepsøy, Knut Spangelo Haga, Aleksander Lindkvist, Markus Sørås Bjørnevik og Torgeir Lunde.

Neste treningskamp for Os går laurdag om ei veke mot 2. divisjonsklubben Fana på Varden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.