Tore og Henriette Færevaag frå Os Hageservice AS, som nyleg godkjend lærebedrift, stiller ut på messa for første gong. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Messedebutant på lærling-jakt

I dag opna Bjørnefjorden Utdanningsmesse med fleire nye utstillarar.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Elevar frå sju undomsskular besøker Os Lions Club si utdanningsmesse i løpet av to dagar.

Messa, som i år blir arrangert for femte år på rad, går av stabelen onsdag og torsdag i Nore Neset Aktivitetshus.

– Den beste messa ever! seier representantane frå Lions, på vakt på messa, om årets versjon.

• Sjå video frå messa i 2016

Blant utstillarane er 15 vidaregåande skular, 4 fagskular, 3 som tilbyr utdanning utanlands, 3 høgskular, fleire opplæringskontor og 23 firma.

– Mange av utstillarane våre kjem tilbake år etter år, mens andre har vore innom og prøvd, og funne ut at dei ikkje heilt treff publikummet sitt her, eller at det ikkje er kvart år at det passar, seier prosjektleiar Bjørn Solheim.

– I år har vi ei handfull nye utstillarar, og så har vi med oss Johannes Havsgård, som i 1969 var med på å stifta Os Lions Club.

Såg etter grøne fingrar 

Ein av dei nye utstillarane er Os Hageservice AS.

– Vi blei godkjend opplæringsbedrift i år, men har førebels ingen lærlingar, seier ekteparet Henriette og Tore Færevaag.

Selskapet har åtte tilsette i dag, nokre fleire i høgsesongen. Tore er utdanna gartnar, og seier det kan vera utfordrande å finna flinke folk.

– Om vi får inn lærlingar kan vi vera med å læra opp framtidige tilsette, det trur eg kan vera ein fordel. Faget er variert og kjekt, det er både grøn og grå del av gartnarfaget, frå legging av plen og felling av tre til natursteinsmuring og belegningsstein.

Helse og hus - via gymnaset

To av elevane som besøkte messa i det den opna, Mojtaba Ebrahim og Abdelruhman Alsead frå Os ungdomsskule, gjekk rett til Os Gymnas sin stand.

– Vi vil byrja på gymnaset begge to. Eg vil utdanna meg til noko innan helse, men startar på gymnaset. Eg veit ikkje heilt kva retning eg vil gå vidare, men eg har lyst å få meg ein jobb der eg hjelper folk, seier Abdelruhman.

Mojtaba seier han ikkje har bestemt seg, men at han førebels har mest lyst til å bli arkitekt.

Viktig med tilgang på lærlingar

Ein av dei største arbeidsgjevarane i Os, Solstrand Hotel & Bad, har stilt ut i ei årrekkje.

– God tilgang på lærlingar har høg prioritet hos oss. Vi har plass til lærlingar innan både kokk-, servitør- og resepsjonsfag, og har flest lærlingar på kjøkkenet, seier Hans-Arne Eidsvik.

– Vi har heldigvis eit tett og godt samarbeid med Fusa vgs, men det er både kjekt og viktig for oss å vera her og møta ungdomen. Vi har også fleire deltidstilsette ungdomar som ikkje tar utdanning innan faga våre, men som er gode kollegaer på hotellet.

– Kva er Compact?

Eit anna lokalt, veletablert firma som stiller ut er GC Rieber Compact. Selskapet utvikler og produserer blant anna nødrasjonar og ernæring til svoltramma. Dei har fabrikk i India og Sør-Afrika, i tillegg til Søfteland.

• Les òg: Compact informasjon til dei eldre

– Vi har eit vidt spenn av fagområde, frå logistikk og produksjon til økonomi og produktutvikling. Før virka det som om alle i Os visste om oss, men det er fleire ungdomar som ikkje har høyrd om Compact, og eg tenkjer det kan vera greit at vi er her og viser oss, seier Mette Pedersen Nåmdal.

Elevar på stand

Fleire av skulane som stiller ut har eigne elevar som representant på stand.

– Det går heilt fint å vera gut innan jentedominerte helsefag, synest Steffen Kvamsdal, som fekk fri frå praksis på Lunde barneskule for å stå på stand med Thea Forstrønen Bruarøy og Kine Heggland Sælen.

For Os kommune står tre lærlingar, Julie Lindborg, Thea Sofie Svendal og Jorunn Balland.

– Vi er lærlingar i barnehage og har blant anna med oss quiz, der elevane kan vinna pizza på Peppes, lokkar dei tre jentene.

Lokkemat er det òg på Fusa vgs sin stand. Elevane Gisela Aase Skiple, Anja Espevik og Anja Sophie Behrendt i barne- og ungdomsarbeider VG2 byr på delikate fruktspyd.

– Å laga sunn mat til barnehageungar er òg noko dei må læra seg, skyt ein av lærarane inn.

Ambulanselinja ved Os vgs har søkjarar frå langt utanfor kommunegrensene, og er vanskeleg å koma inn på. På ambulansestanden står Maren, Kristin og Vilde.

– Ambulanselinja er endå meir gøy enn vi hadde sett for oss. Vi får realistiske, praktiske oppgåver, som er både spennande og lærerike.

Bjørnefjorden Utdanningsmesse held fram torsdag.