Sport | 04. mai 2017

Mia til NM

Strekspelar på Os Mia Torp Nielsen er teke ut på regionslaget til NM på Lillehammer. – Ho passar spelet vårt, seier trenar Tore Johannessen.

Mia til NM
Mia Torp Nielsen, som her jublar etter skåring mot Stryn tidlegare i vinter, kan jubla over uttaket på regionslaget (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 04. mai 2017 12:13

Noregs Handballforbund Region Vest presenterte i dag troppen for laget som skal representere regionen i NM helga 12.-14. mai.

Tertnestrenar Tore Johannessen, som òg er trenar for regionslaget, har funne plass til Os sin strekspelar Mia Torp Nielsen i ein tropp som ellers består av heile ni spelarar frå Fana.

– Mia er ein strekspelar som passer godt i det spelet vi ønskjer å spele på regionslaget.

– Ho er god på å skape rom inne på linja, både ved å sette sperrer på rett tid, halde sperren og å utnytte dei romma ho skaper, anten sjølv eller ved å skape plass til bakspelarane som får skotmoglegheiten. I tillegg har eg lært å kjenne ho på dei regionale samlingane og regionslaget som ein spelar som alltid er på og som held trøkket oppe, seier Tore Johannesen.

Dette er troppen som reiser til Lillehammer:

Synna Lien, Fana
Sofie Ege, Fyllingen
Victoria Berg, Åsane
Mathilde Fosse, Stord
Victoria Solstad, Fana
Vilde Torheim, Fana
Andrea Solstad, Fana
Karoline Fantoft, Fana
Andrine Bakk, Fana
Mille Porsmyr, Knarvik
Johanne Nordli, TIF Viking
Susanne Berven, Åsane
Ida Skjeldestad, Fana
Stine Roll, Fana
Martine Vesterli, Fana
Mia Torp, Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.