Lokal | 28. okt. 2014

Michelin-kokkar på Oseana

Fire franske stjernekokkar, ein av dei frå presidenten sitt kjøkken, lærte om norsk fjordaure av Bocuse d'Or-vinnar Geir Skeie på Oseana-restauranten.

Michelin-kokkar på Oseana
Verdsmeister Geir Skeie syner dei fire franske kollegane korleis dei kan bruka den norske fjordauren i restauranten på Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. okt. 2014 08:10

Måndag ettermiddag og kveld var det samla mykje kokekunnskap i restauranten på Oseana då Geir Skeie viste franske kollegaer korleis dei kan utnytta og bruka den norske fjordauren.

Til saman tre Michelin-stjerner, ein Micelin «macaron» frå den franske presidenten sin residens var representert for å læra av den norske verdsmeisteren frå 2009.

– Dette er kokkar som er heilt i toppen i det franske kjøkkenet og som har heltestatus i Frankrike.

– Dei er på ein todagars tur til Noreg for å læra om sjøauren vår.

– Håpet er jo sjølvsagt at dei vil nytta fjordauren i sine kjøkken, og at vi på den måten aukar eksporten av fjordaure til Frankrike, forklarer Maria Grimstad de Perlinghi, fiskeriutsending for Noregs Sjømatråd i Frankrike.

Hemmeleg kokkelering

Dei fire kokkane, Michel Roth, Guillaume Gomez, Gerard Cagna og Christian Tetedoie, er alle ambassadørar for den norske fjordauren og sjefar på kjende restaurantar og kjøkken i Frankrike.

– Seinare i vinter skal vi ha det vi kallar ein «Secret food session» kor 20 andre kokkar skal få konkurrera i tilbereiing av fjordauren etter at dei først har fått læra av desse fire stjernekokkane.

– Interessa for å delta er stor. Du veit, desse karane er store idol i den franske matbransjen, smiler de Perlinghi.

Passa perfekt

Saman med kokkane har de Perlinghi også fått med seg to av dei største matmagasina i Frankrike på den kjappe turneen på Vestlandet.

– Men kvifor har de lagt delar av turen til Oseana sin restaurant?

– Den passa rett og slett perfekt, slik den ligg heilt nede ved fjorden, kor fjordauren svømmer, og med akkurat dei fasilitetane vi trengde.

– Vi er svært glad for at vi fekk lov til å koma, avsluttar de Perlinghi.

Stor oppleving

At det var ei spesiell oppleving for dei to faste kokkane i restauranten og for eigar Roald Mjelstad er det liten tvil om.

– Det er klart at dette er stort for oss.

– Det er ikkje ofte ein får Geir Skeie på vitjing på kjøkkenet. Og i alle fall ikkje saman med fire franske stjernekokkar.

– Dette er utruleg kjekt, så får vi sjå om ikkje dei flinke kokkane våre plukker opp eit og anna tips som osingane kan få glede av, seier Roald Mjelstad mens han sørgjer for at gjestane har det dei treng for å få ei opplevelsesrik stund ved Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.