Politikk | 10. jan. 2018

Midtrød blir IT-leiar

Bjørnafjorden kommune • Ny IT-leiar og personalsjef er på plass.

Midtrød blir IT-leiar
Ottar Midtrød er ny IT-leiar i Bjørnafjorden kommune (foto: Simen Soltvedt, Os kommune)
Andris Hamreonsdag 10. jan. 2018 09:00

Samkøyring av IT-system og personalhåndtering er to av dei sentrale oppgåvene i samband med å bygga nye Bjørnafjorden kommune.

No har leiarane til desse to viktige områda kome på plass.

Ottar Midtrød (42) er tilsett som IT-leiar i den nye kommunen.

Han er i dag IT-leiar i Fusa kommune, og vil fram mot 2020 også ha denne funksjonen i Os kommune. Han har ei allsidig utdanning innan informatikk, media og kommunikasjon, og har jobba i forsikringsbransjen før han i 2011 byrja som spesialrådgjevar IKT- og organisasjonsutvikling i Fusa kommune. Frå 2013 har han vore IT-leiar i Fusa.

– IT er ein føresetnad for det meste anna vi driv med, og heilt sentralt i arbeidet vi skal inn i med kommunesamanslåinga. Eg gler meg veldig til å vera med å bygge Bjørnafjorden kommune, seier Ottar Midtrød til heimesida til Bjørnafjorden kommune.

Prosjektleiar og framtidig rådmann for Bjørnafjorden kommune, Christian F. Fotland, har frå dag ein understreka viktigheiten av gode IT-system i den nye kommunen. Mellom anna har fellesnemnda vedteke å inngå avtale med Bergen kommune om housing-tenester for dei nye IT-systema.

Røynd personalsjef

Som personalsjef for den nye kommunen er noveranda personalsjef i Os kommune, Eva Røttingen tilsett.

Ho har jobba i personalavdelinga i Os kommune sidan 1991 og vore personalsjef frå 2001.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.