Sport | 03. sep. 2009

MidtsidenCup 2009

I fjor spelte over 500 menn og kvinner MidtsidenCup. Årets gatecup for vaksne går av stabelen i midten av oktober.

MidtsidenCup 2009
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. sep. 2009 10:57

Bildeserie:

1 av 6

MidtsidenCup 2009 startar med puljespel onsdag 14. og torsdag 15. oktober.
(Vi beklagar at det i magasinet Midtsiden har vore annonsert med feil dato).

Fredag er fri, laurdag blir det sluttspel og finalar.

I fjor sette MidtsidenCup deltakarrekord med 45 lag og rundt 500 spelarar.
(Her er liste over laga og spelarane som var med i fjor)

Under kan du sjå bilde frå MidtsidenCup 2008.

Reglar og påmelding
• Aldergrense 16 år (18 år for bankett/festmiddag)
• 7 til 12 spelarar per lag. Uansett skadar eller anna fråvær, kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• Maks to aktive spelarar (5.div og opp, 3.div for kvinner).
• 1 straffe i mot per spelar frå 3. divisjon og opp (menn/mix).
• Mix-lag må ha min. 2 kvinner på banen.
• 2 x 12 min. omgangar
• Puljespel i innleiande rundar, to beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Påmelding
Send påmelding til kjetil@midtsiden.no
• Namn og mobilnr til lagleiar
• Namn på alle spelarar
• Merk av aktive spelarar med divisjon

Pris: 200 kroner per spelar
Siste frist for påmelding og betaling: Fredag 2. oktober

Betal cup til:
Os Turn fotballgruppa
Idrettsvegen 41
5200 Os
Kontonr: 3624.20.30022

Bankett/festmiddag laurdag 17. oktober
I 2008 hadde vi ein smakrik festmiddag med premieutdeling på Bjørnefjorden Gjestetun. Også i år blir MidtsidenCp avslutta med festmiddag på Bjørnefjorden Gjestetun. Vi kjem tilbake med pris og meny.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.