Sport | 16. okt. 2015

MidtsidenCup 2015

Årets MidtsidenCup blir éi veke seinare enn før, med to nye klassar.

MidtsidenCup 2015
KIWI var blant bedriftene som deltok i MidtsidenCup i fjor. I år håper Os Fotball på endå fleire firma på deltakarlista. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. okt. 2015 13:33

MidtsidenCup, årets gatecup for vaksne amatørar saman med ein liten dose aktive spelarar, blir i år éi veke seinare enn tidlegare år.

Sjå video frå MidtsidenCup 2014.

– Det er såpass mange aktive spelarar som deltar at vi må venta til alle seriane er ferdig spelt. I tillegg må vi venta til Os oldboys, som dømmer, har fått unna Smalahovecup på Voss, fortel Endre Brenne frå Os Fotball.

I år blei det eit ekstra omsyn å ta.

– Med Nore Neset og Søfteland sine gode sesongar så ligg det an til kvalik og kamp om KM-tittel helga 7. og 8. november, så då må vi skyva cupen endå nokre dagar.

MidtsidenCup blir arrangert onsdag og torsdag 11. og 12. november (innleiande rundar) og sluttspel med finalar laurdag 14. november.

– Kvart lag speler innleiande rundar éin av desse dagane. Laga kan koma med ønskje om speledag, om det berre er éin av dagane som passar.

Nye klassar: Ønskjer fleire amatørar og firma

Dei siste åra har herreklassen vore delt i to, elite og amatør, med kvar sine reglar for kven som kan spela og kor mange aktive du kan ha med.

– Vi ønskjer å ha med fleire firma, blant anna fordi vi vil sjå om det er grunnlag for å danna ein eigen bedriftsserie gjennom året.

– Men sidan nokre firma stiller med mix og andre med aktive vil vi i MidtsidenCup ikkje kalla klassane for bedriftsklasse.

I staden vel Os Fotball å utvida til amatør og elite også i mix- og dameklassen.

– Målet er å legga til rette for at flest mogleg har sjanse å stilla lag, samtidig som det skal vera nokolunde rettvise lag. Heilt rettvist blir det nok aldri, men vi prøver.

– No vil vi aktiv oppsøka ulike bedrifter i Os og invitera dei til å stilla i ein klasse som passar deira arbeidsstokk, så håper vi at det blir mange nok til at vi får fylt alle dei seks klassane, seier Brenne.

Påmelding

Reglar for cupen og for tal på aktive i kvar klasse finn du lista opp nedst i artikkelen.

Aldersgrensa er 16 år (fødd i 1999) og i starten treng påmeldinga berre innehalda namn på laget (kan endrast nærmare cupstart), klasse og namn og mobilnummer til lagleiar.

Påmelding sender du snarast på epost, komplett lagliste må vera på plass innan onsdag 4. november.

Prisen er 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar).
Betal til konto 3624.59.87204 innan måndag 9/11.

HER ER KLASSANE OG REGLANE

• Damer Amatør og Damer Elite
• Herrar Amatør og Herrar Elite
• Mix Amatør og Mix Elite

Lag i mixklassen må ha minst to jenter/damer på banen til ei kvar tid.

AMATØR (like reglar for herre, dame og mix amatør)
• Alle som har spelt serie i 2015 (vore på banen i to eller fleire kampar) tel som aktive, også veteran og gute-/juniorspelarar.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

ELITE (like reglar for herre, dame og mix elite)
• Junior/gut/jente- og veteranklassen (oldboys) tel IKKJE som aktiv.
• Du kan ha med så mange aktive du vil, MEN;
• Har du med meir enn 3 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 2 mål imot (1 mål per aktiv over 2 spelarar).

ØVRIGE REGLAR, GJELD ALLE KLASSAR:
• Aldergrense 16 år
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Dette er tittelforsvararane

Damer: No Name, No Fame (vann òg i 2013)
Mix: Galacticos
Herrar amatør: Beast from East (vann òg i 2013)
Herrar elite: T Ullrich

Midtsiden samleside: MidtsidenCup
(med resultat og bildeseriar frå tidlegare år)

Oppdatert informasjon og utvida bildeseriar frå tidlegare år finn du på facebooksida MidtsidenCup

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.