Lokal | 09. sep. 2015

Miljø – Utbyggjing - Styringsvilje

Lesarinnlegg: Ønskjer vi 4 nye år med eit styre som ikkje ser miljøutfordringane og manglar vilje til å styre utviklinga i framtidas Os?

Miljø – Utbyggjing - Styringsvilje
Sveinung Stensletten er leiar i Os Venstre (foto: Os Venstre)
Andris Hamreonsdag 09. sep. 2015 06:20

Når ein les FrP sitt valprogram og ser kva dei mest profilerte politikarar i partiet er opptekne av vert spørmålet veljarane bør stilla seg: Ønskjer vi 4 nye år med eit styre som ikkje ser miljøutfordringane og manglar vilje til å styre utviklinga i framtidas Os?

Det meste rundt samfunnsutvikling har direkte eller indirekte med miljø å gjera. Omsyn til miljø må derfor inn frå starten av i alle planprosessar og vera rettesnor for vala vi gjer. Når vi veit at kommunen vil få fleire tusen nye innbyggjare dei komande åra, må planar leggjast for bustader, handel og servicestader, barnehagar, skule, omsorgsboligar, idrettsanlegg, rekreasjonsområde - det folk treng for å ha eit godt liv. Ein må sjå alle desse tinga saman og med miljø som rettesnor.

Kommunen si oppgave er å sørgja for at ein tenkjer heilheit og langsiktig. Til dømes skal det ikkje vera slik at ein utbyggjar som har fått med seg grunneigarar og legg planar for utbyggjing av bustadar ein «tilfeldig» stad i kommunen, meir eller mindre automatisk skal få «ja». Det må passa inn i dei langsiktige planane, og planane må vera lagt ut fra eit heilheitleg syn på miljø. Ein må ta omsyn til både redusering av forureining og å skapa eit godt bumiljø funksjonelt, estetisk og sosialt.

«Liv på Øyro» er døme på korleis dette må gjerast. Tilsvarande treng vi også for andre delar av kommunen. Vi må planleggja for korleis bygdene våre skal utvikla seg og bli levande og gode stadar å arbeida og bu. Å bruke litt tid og pengar på dette vil vera ei god investering for kommunen. Utgangspunktet bør vera dei bygdene vi har. Å etablera nye store bustadsenter i «utkantar» der ingen ting finst frå før - verken veg eller anna (Bjånes), er ikkje miljøvennleg og er dyrt for kommunen.

Venstre meiner det er den enkelte sitt initiativ og innsats som byggjer velstanden og samfunnet. Politikkarar og det offentlege skal først og fremst leggja til rette og ivareta det samla og langsiktige perspektivet på utviklinga. Os treng eit nytt styre som har mot til å ta dette ansvaret – leggja planar og så følgja dei. Os Venstre har jobba aktivt for å skapa eit alternativ til det sitjande styret gjennom samtaler med fleire av partia i Os. Om osingane vil skal vi gjera det vi kan for å få til eit skifte. Ei stemme på Os Venstre er ei stemme for endring av kurs i framtidas Os.

Godt val!

Sveinung Stensletten
Os Venstre, leiar, 4. kandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.