Sport | 26. nov. 2010

- Min første internasjonale tittel!

EM i kickboksing i Athen: Eirin Dale fekk bronse, Ina Grindheim tok gull.

- Min første internasjonale tittel!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. nov. 2010 21:27

Osingane Eirin Dale og Ina Grindheim er saman med resten av landslaget i Hellas for å delta i EM i kickboksing. Til no har fire norske tatt gull, ein av dei ferske europameistarane er Ina Grindheim frå Os.

- Eg har bronse frå både EM og VM frå før, men dette er min første internasjonale tittel, seier Ina til Midtsiden.no.

Eirin Dale fekk bronse i -55 kg. Ina vann -65 kg semikontakt etter 15-14-siger i kvartfinalen onsdag, 12-6 i semifinalen torsdag og suveren 10-poengssiger i finalen fredag.

- I kvartfinalen møtte eg ei frå Frankrike som var litt vanskeleg å finna ut av. Det blei jamt, men eg vann heldigvis til slutt.

- Semifinalen gjekk mot eit ungt, men lovande talent frå Ungarn. Ho var spådd å nå heilt til topps, men vi følgte med på stilen hennar dagen i forvegen, så eg visste korleis eg kunne ta ho, fortel Ina.

Hamna under
I finalen møtte osingen ei russisk jente som hadde vunne alle kampane fram til finalen med maks margin, 10 poeng.

- Etter første runde låg eg under, men så fann eg nokre opningar og snudde kampen.

- Ho blei stressa då eg overtok leiinga, og då blei det endå enklare å plukka poeng. Til slutt hamna eg ti poeng framfor, og då var sigeren sikra!

Vil feira med bad
Meisterskapen går av stabelen i Athen, og Ina fortel at det er rundt 20 gradar i byen. Altså rundt 30 gradar varmare enn her heime.

- Vi skal vera her til måndag, for det er fleire av dei norske som kjempar om medalje i morgon.

- Sjølv synes eg det er deilig å vera ferdig, spesielt når det gjekk så bra. I morgon trur eg vi jentene skal feira med ein dukkert i bassenget eller i sjøen, seier europameisteren til Midtsiden.no.

Dei andre norske jentene som vann EM-gull er:
Marielle Hansen (52 kg), Tonje Sørli (56 kg) og Ida Abrahamsen (60 kg).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.