Lokal | 19. mars 2015

Mindretalsstyre med Venstre?

Lesarinnlegg, Terje Søviknes (Frp) og Marie Bruarøy (H): At vi er resultatorienterte i Os er noko av nøkkelen til Os-modellen.

Mindretalsstyre med Venstre?
Ordførar Terje Søviknes (Frp) og varaordførar Marie Bruarøy (H) svarer Sveinung Stensletten (V) (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. mars 2015 17:20

Lesarbrevdebatten den siste veka ser ut til å engasjere heile Os Venstre. Sist ut er Sveinung Stensletten. Han kjem igjen inn på Bjånesutbygginga, og meiner FrP og Høgre har gjort kuvending der. Det er ikkje korrekt.

FrP/H meiner framleis at tiltaket krev trafikksikring med gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen. Vi er imidlertid resultatorienterte. Då det vart klart at full opprusting av fylkesveganlegget til Hatvik kom på heile 320 mill kr må vi søkja alternative løysingar for ein kortare periode.

I høve Plan- og bygningslova kan ikkje utbyggjar påleggjast heile kostnaden med nytt fylkeveganlegg. Eit rekkjefølgjekrav skal etter lova stå i rimeleg høve til den utbygginga som skal finna stad. I dette tilfelle er vegeigar Hordaland fylkeskommune samd i at utbyggjar berre kan påleggjast kostnader knytt til sjølve gang- og sykkelvegen, og ikkje full oppgradering av heile fylkeveganlegget. Hordaland fylkeskommune har imidlertid ikkje avsett midlar til Hatvikvegen i gjeldande Regional Transportplan, men vonar å kunna prioritera sin del av prosjektet i kommande planperiode.

Om ikkje vi finn eit godt alternativ må heile utbygginga på Bjånes setjast på vent på ubestemt tid, noko som sjølvsagt er utfordrande for grunneigarar og utbyggjar. Investeringane i planprosessen og heile prosjektet vert sett i fare. Og sidan Bjånes pr i dag utgjer den største bustadarealreserven i Arealplanen for Os, vil dette i sin tur leggja press på heilt nye areal til bustadføremål i kommunen.

Vi søkjer difor å få til eit realistisk spleiselag mellom utbyggjar Os Fjordboliger AS og vegeigar Hordaland fylkeskommune for på få realisert gang- og sykkelveg inn til avkjørsla mot Bjånes. I tillegg opnar vi for ein alternativ gang- og sykkelvegtrase via Midtbøvegen for dei første 200 bueiningane. Dette argumenterte vi for i kommunestyremøtet 3.mars, og fekk støtte frå det største opposisjonspartiet AP.

Skal vi få til noko må ein alltid søkja konstruktive løysingar. Slik er det i praktisk politikk. At vi er resultatorienterte i Os er noko av nøkkelen til Os-modellen. Os kommune vert ikkje ein attraktiv kommune for næringslivet om vi lener oss attende og gjer opp kvar gong vi støter på ei utfordring.

FrP og Høgra har i tråd med Os inspirerer-prosjektet arbeid for skapa ein kommune med vekstkraft og evene til å fornya seg sjølv. Og i bunnen for det ligg misjonen om å skapa livkvalitet for alle. Vårt mål er å skapa ein attraktiv kommune for våre innbyggjarar og næringsdrivande. Ein kommuene der ein kan leva det gode liv gjennom alle fasar av livet. Der vi kan ha trygleik for primærtenestene barnehage, skule, helse og omsorg, og samstundes ha rikeleg tilgang på opplevingar knytt til fritid, kultur, idrett og friluftsliv. Kort og godt ein kommune vi kan væra stolte av, og trivast i – alle som ein.

Sveinung Stensletten avsluttar også sitt innlegg med eit noko spesielt perspektiv på demokratiet. Han skriv ”Venstre trur heller ikkje at det er naudsynt med eit fleirtasregime for å få til ei god styring. Det har vist seg at mindretalsstyre (slik det er i Norge i dag) gir ein meir open prosess og gangnar demokratiet.”

Ja. vi har ei mindretalsregjering i dag, men det er i eit parlamentatisk styringssystem. Det betyr heldigvis IKKJE at vi har eit mindretalsstyre. FrP/H-regjeringa er sjøvsagt avhengig av eit fleirtal på Stortinget, - no organisert gjennom ein samarbeidsavtale mellom regjeringspartia og V/KrF. Stortinget er den lovgjevande og løyvande forsamlinga, Regjeringa har berre den utøvande mynda. I Os kommune har vi ikkje parlamentarisme, men ein tradisjonell formannskapsmodell. Og som i alle andre demokratiske prosessar er den basert på fleirtallsprinsippet. Heldigvis.

Eit fleirtal av veljarane i Os har gjeve FrP og Høgre tillit ved dei siste vala. Det har gitt Os kommune eit stabilt, føreseieleg og handlekraftig fleirtal gjennom 16 år, og vi har jobba hardt for å visa oss tilliten verdig. Ser vi på resultata og utviklinga i kommunen dei siste åra tyder alt på at Os har tent på eit stabilt fleirtal med høve til å tenkja langsiktig. Ved valet i september skal vi alle ta stilling til korleis Os kommune skal styrast i framtida. Vi gler oss til ein spannande valkamp, og er klar for nye utfordringar!

Ordførar Terje Søviknes (FrP)
Varaordførar Marie E. Bruarøy (H)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.