Lokal | 05. mai 2016

Mista lappen i Lysefjorden

Politiet hadde fleire trafikkontrollar i Os i går. Han som blei stoppa i Lysefjorden trudde kanskje at han var innanfor.

Mista lappen i Lysefjorden
Politiet på Lyseklostervegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mai 2016 07:19

Vegvesenet skreiv ut 4 gebyr og tok skilta av 6 bilar på E39 i Os onsdag ettermiddag.

På kvelden var politiet ute og sjekka farten på ulike fylkesvegar.

Fekk nokre prikkar for mykje

På Lyseklostervegen blei ein bil målt til 69 km/t i 50-sona.

Normalt held du på førarkortet i denne farten, men bilførar, ein mann i 20-åra, hadde nokre prikkar frå før og er no fotgjengar.

Køyrer du meir enn 11 km/t for fort (16 km/t om fartsgrensa er 70 km/t eller høgare) så får du prikkar på førarkortet.

Med 19 km/t over fartsgrensa blei det både prikkar og forelegg, forelegget ville ha auka frå 2900 til 4200 kroner om farten var 1 km/t høgare.

2 km/t frå førarkortbeslag i Dalen

Politiet hadde òg fartskontroll på Sperrevikvegen og på Hegglandsdalsvegen onsdag kveld.

– På Sperrevikvegen blei det skrive ut eitt forelegg, på Hegglandsdalsvegen blei det fem, fortel Terje Magnussen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

I Hegglandsdalen var høgaste fart 74 km/t i 50-sona, berre to frå førarkortbeslag og nok til forelegg på 4200 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.