Sport | 04. sep. 2010

Mista leiinga

Os leia bortekampen mot Manglerud Star til pause, men andreomgang blei heimelaget sin.

Mista leiinga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. sep. 2010 12:05

Os spelte bortekamp mot Manglerud Star i dag, tok leiinga og heldt 0-1 til pause.

- Vi tok leiinga fem minutt ut i kampen, fortalte oppmann Arne Hitland mellom omgangane

Det var venstrekant Erik Kanestrøm som sette inn 1-0 til gjestane. Stillinga sto seg til pause.

- Heimelaget har pressa godt på, så no var det bra med pause, så vi får justert litt, sa Hitland.

Daniel Kalstad, som spelte på topp med Vegard Leikvoll Moberg, blei tidleg skadd og erstatta av Preben Borgen.

To i trynet
Andreomgang starta på verste måte for Os, mål imot etter 17 sekund, omtrent rett frå avspark.

- Det kom ein ball som Enes tok, men mista. Ballen trilla til ein liggande motspelar som akkurat fekk foten på den, seier Frank Hellevik.

Eit minutt etterpå, medan Os framleis undra seg over bråstarten på siste halvdel, kom nok ei skåring.

- Frå 60. til 80. minutt hadde vi ein fin periode, men så kom 3-1 etter litt klabb og babb etter ein dødball frå kant, og etter det mista vi dessverre heilt kamplysta.

Heimelaget skåra to til før slutt.

Manglerud Star - Os: 5-1 (0-1)
Os sitt lag frå start: Halvard Enes, Mats Lepsøe, Dani Alvær Bergstø, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Torkel Hjertnes, Frode Buvik, Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Vegard Leikvoll Moberg og Daniel Kalstad.
Byte: Preben Borgen - Kalstad, Baste Jonassen - Buvik, Tim Henrik Sperrevik - Hjertnes.
Gult kort: Preben Borgen

SJÅ TABELL

Fana tapte for Åsane og held seg under Os på tabellen. Stord slo Kjelsås, men held seg også bak Os grunna målforskjell.

At Vålerenga 2 tapte gjer at det framleis berre er eitt poeng opp til over nedrykkstreken, at Førde vann gjer at det for Os er 6 poeng opp til neste plass på tabellen.

Andre resultat frå 19. runde:
Stord - Kjelsås: 3-2
Førde - Nest-Sotra: 4-1
Asker - Vålerenga 2: 5-0
Notodden - Bærum: 1-0
Fana - Åsane: 1-2
Stabæk 2 møter Frigg på måndag.

Neste heimekamp for Os går på heimebane mot Stabæk 2 måndag 13. september kl 17.30. Os 2 speler begge dei neste to kampane heime, måndag 6.9 mot Øystese (kl 18.50), tysdag 14.9 mot Smørås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.